Forside:Motorfartøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Motorfartøy
MT «Esso 33» fekk dette namnet i 1947. Båten vart bygd som stykkgodsbåt i Århus i 1913 for N.A. Pedersen i København og har vore eigd av mange og med mange namn sidan då.

Motorfartøy er fartøy kategorisert etter framdriftssystem. Frå litt før 1900 har ein venta at det står ein forbrenningsmotor i motorromet. Forbrenningsmotoren sitt dreiemoment driv propellaksel og propell anten direkte eller gjenom ei girkasse. I tidleg fase hadde motorane lav effekt og var kombinert med full seglføring frå livet som seglfartøy. Utvikling i meir enn 100 år gir endringar. Det var knapt ei seglfille til framdrift å sjå ein del år etter andre verdskrig. Så kom segla att. Fyrst til lutter glede, så og til nytte som framdrift. Men så lenge forbrenningsmotoren står for det meste av energiutnyttinga er nemninga motorfartøy nytta. Forbrenningsmotoren var/er driven av; bensin, parafin, solarolje (eller ulje som dei sa somme stader på kysten), diesel, tungolje (i knipetak gjekk semi-dieselen på kval- og sel-olje) og gass (i diverse former). Ein snakkar i hovedsak om forbrenningsmotorar av type; otto-, semidiesel- og diesel-motorar. Her er og innslag av spesialkonstruksjonar (også med ekstern forbrenning), wankelmotor og former for turbinar. Kategorien med forbrenning i sylindaren i forbrenningsmotor er dermed ikkje heilt vasstett.   Les mer ...

 
Smakebiter
Kø på ferjekaia i Lødingen.
Foto: Nasjonalbiblioteket
(1963)
NEG 256 Ferger er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2015 med tittel Ferger. Utsendarar var Heidi Richardson ved Hardanger Fartøyvernsenter.   Les mer …

Lauritz Bagstevold i sjølvbygd trebåt med motor. Biletet er teke på Eikeren ved garden Gunhildrud i 1937.
NEG 70 Fra robåt og seil til motor er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1959 med tittel Fra robåt og seil til motor. Utsendarar var Knut Weibust og J. Tvedt.   Les mer …

M/F Haalogaland i Lyngenfjorden
Foto: Ukjent
(1974)

Motorferga Haalogaland ble bygd ved Kaarbøs Mek. Verksted i Harstad, og overlevert rederiet Statens Vegvesen i Troms i januar 1955.

27 år etter at motortankeren «Vesco» i 1927 ble overlevert Vestlandets petroleum, som seinere ble til ESSO, ble kjølen til et nytt fartøy strukket på Kaarbøverkstedet. Fartøyet, som ble byggenummer 18, fikk navnet «Haalogaland». Hun ble den første av fire ferger som ble levert fra KMV i løpet av de påfølgende tre år, til henholdsvis Statens Vegvesen i Troms, Tromsø ferjer, Torghatten transportselskap og Helgeland trafikkselskap. Statens Vegvesen skrev kontrakt med KMV den 28. mai 1953 om bygging av ei bilferge, og i september samme år ble kjølen strukket. Skipet ble tegnet av verkstedets ingeniører.

Huden på «Haalogaland» ble klinket til spantene, det var litt uvanlig så seint som i 1954, men man skal ha ment at fartøyet derved ble mer stødig og fleksibelt i de værharde områder den skulle betjene. Plateskjøtene ble imidlertid sammenføyet med elektrisk sveising.   Les mer …

MB «Rolf» blir sjøsett på våren.
MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane.   Les mer …

MB «Vega» leverte ofte varer til Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel.
MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960. Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt. I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet.   Les mer …

«Fakstind» frå Ibestad ved hamn i Kristiansund under storsildfisket i 1921. Andre person frå venstre er Thomas Fugelsnes; lengst til høgre (over personen i luka) ser vi Hans T. Gimnes.
«Fakstind» var ein motorkutter som vart bygd i Rosendal i 1917 og levert til partsrederiet Alfred Espejord i Hamnvik i Ibestad. I løpet av åra vart «Fakstind» vidareselt tre gonger. I 1941 vart han forlenga til 84,3 engelske fot. Den 8. desember 1962 sprang «Fakstind» lekk etter eit kraftig uvêr, og han sokk på Tromsøflaket. Motorkutteren «Fakstind» vart kravellbygd i tre av Gjert Eidsvik i Rosendal i Sunnhordland i 1917. «Fakstind» hadde ein tosylinders Avance PM motor på 60 bHK frå J.V. Svenssons Motorfabrik i Stockholm, og han var bygd og takla som kutter. Kjenningsmåla i engelske fot var 65,5 (lengd), 18,5 (breidd) og 7,5 (djupn). Drektigheita var 46 brutto registertonn] og 16 netto. Kjenningsbokstavane var L.F.X.Q. og registreringsnummeret var T-46-D (endra til T-88-TD i 1928).   Les mer …
 
Kategorier for Motorfartøy
 
Andre artikler