Jakob Bøthun. Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag. Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn ( Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: " Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder." Les mer …
Kvalheim krins 1861 Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.
Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.
Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.
I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule Les mer …
|