Kåre Lunden på trappa til barndomsheimen i Naustdal. Foto: Odd Byrkjeflot (2010)
Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013 i Oslo) var blant etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar, og til å stå på sitt i debatten som følgde. Ikkje minst vart han kjend for på fruktbart vis å integrere teori og tenkjemåtar frå andre samfunns- og kulturfag, særleg sosialantropologien, i studiane av det gamle samfunn.
Kåre Lunden hadde eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskinga og elles hadde han eit grunnsyn som kan seiast å vere nasjonalt, folkeleg og demokratisk.Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdotter Indrekvam. Kåre var nest eldst av fem søsken. Yngste søstera Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyrikar, medan broren Olav Lunden (1937-2011) var lektor. Kåre Lunden vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apotekar Les mer …
Arnvid Førde. Foto: Faksimile fra Oppland landbruksselskap 150 år (1980) Arnvid Førde (født 16. juli 1919 i Breim, død 1. juni 2013 på Gjøvik) var en sentral person i norsk landbruk i etterkrigstida, først som landbruksskolestyrer og dernest som fylkeslandbrukssjef. Førde var ordfører i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag 1957/58, etter å ha vært varaordfører 1955-57. I 1972/73 var han statssekretær i Landbruksdepartementet. Fra 1976 til 1988 var Arnvid Førde formann i Samarbeidsorganet for Riksoppgjøret, der han sammen med landbruksorganisasjonene leda omorganiseringa av norsk meieribruk. Les mer …
Førde ligg ved elva Jølstra. Foto: Nasjonalbiblioteket (1960)
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune. Staden hadde same status i Førde kommune før kommunesamanslåinga i 2020.
Tettstaden, som har 10 339 innbyggjarar (2019), er den største i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde er eit regionsenter for både handel, utdanning, administrasjon og helsetenester og husar mellom anna avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, sjukehus og sjukehusadministrasjon (Helse Førde). Hovedkontoret til NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde, og lokalavisa Firda kjem ut her.
Tettstaden ligg inst i Førdefjorden, der elva Jølstra renn ut i fjorden. Busetnaden ligg på båe sider av elva og er knytt saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. Les mer …
Familien Tjønneland i 1933. Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 19. februar 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916. Les mer …
|