Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. I eldre litteratur blir elativ ofta kalla ablativ etter latinsk mønster. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.   Les mer …

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.   Les mer …

Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier
 
Andre artiklar