Haugen (Fedje gnr 168 bnr 116)

Haugen er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Haugen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 116
Adresse: Skotholmevegen 3

1. Sigurd Ophaug f. 1920 Kopper (gnr 168 bnr 294-1d) d. 2004, fiskar, g. 1942 Skottland m. Dorthea Rognsvåg f. 1920 (gnr 168 bnr 2-7d) d. 2003, arb. Bjelland. Dei var i Skottland under krigen, Sigurd var infanterist i hæren. Skøyte 1957 på tomt frådelt gnr 168 bnr 2 i 1950. Dei sette opp huset i 1951.

Born: a. Sverre Dagfinn Ophaug f. 1942 g. 1963 m. Ragnhild Ulveseth f. 1942 Fjell, bustad Mandal, der dei dreiv forretning. Sjå òg Tangane gnr 168 bnr 93-1. b. Odny Margaret Ophaug f. 1944 g. 1963 m. Gunnar Riise f. 1941 Sortland, Nordland, bygde på Grenda gnr 168 bnr 216. Sjå òg Rognsvågen gnr 167 bnr 14. c. Marit Signe Ophaug f. 1947 d. 2023 g. 1967 m. Rolf Rognsvåg f. 1944 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17j) d. 1999, busette på Børhaugen (gnr 168 bnr 60-2), og seinare Kopper (gnr 168 bnr 61-4). Ho var eigar av bnr 116 frå 2003 til 2006, og budde då her. Seinare bustad Svena (gnr 168 bnr 343-6). d. Olav Magnus Ophaug f. 1952 d. 2006, kokk, g. 1994 m. Ingrid Thomassen f. 1961 Karmøy, operatør, busette der. e. Aina Perny Ophaug f. 1959, kontormedarbeidar, g. 1989 m. Per Kristian Krogh f. 1959 Bergen, ingeniør, busette der. Aina gav i 2016 ut krimboka Krigens arv med handling frå Fedje.

2. Jarle Harald Lauritsen f. 1962 Askøy, båtbyggjar, g. 1985 m. Anne Hestnes Kristiansen f. 1966 Åsane i Bergen, bibliotekar, bustad Askøy. Skøyte i 2006. Huset vert brukt som fritidsbustad. Det vart ferdig renovert i 2010.

Born: a. Henriette Lauritsen f. 1989, bustad Askøy. b. Trine Lauritsen f. 1992 d. 2020, helsefagarbeidar, bustad Askøy.


Fedje komm.svg Haugen (Fedje gnr 168 bnr 116) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solbakken (Fedje gnr 168 bnr 112) • Neste bolk: Aker (Fedje gnr 168 bnr 127)