Strandvoll (Fedje gnr 170 bnr 15)

Strandvoll er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Strandvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 15
Adresse: Rognsvågen 36

1. Trygve Nilsen Moldøen f. 1922 (gnr 170 bnr 16-1c) d. 1988 g. 1948 m. Klara Kongestøl f. 1924 (gnr 168 bnr 10-2d) d. 2024 (99 år gl.), reinhaldar. Skøyte 1955 på tomt frådelt Moldøyna gnr 170 bnr 6 same året. Huset vart bygd i 1957, dei budde tidlegare hjå foreldra hennar. Trygve var i handelsflåten under krigen, seinare fiskar og sjømann. Klara flytta til sjukeheimen.

Born: a. Turid Karin Nilsen f. 1948 g. 1968 m. Oddmund Ophaug f. 1943 Kopper (gnr 168 bnr 86-2a) d. 2020, bustad Opphaugen (gnr 168 bnr 114-3). b. Kjell Leidulf Nilsen Moldøen f. 1950 g. 1971 m. Rita Stormark f. 1950 (gnr 172 bnr 33-2a), bygde der (gnr 172 bnr 140). c. Jan Harry Nilsen Moldøen f. 1958 g. 1979 m. Elisabeth Rist f. 1962 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5a), bygde der (gnr 172 bnr 155). d. Idar Nilsen Moldøen f. 1961 g. 1995 m. Brynhild Norstrand f. 1958 Bergen, bustad Fjell i Øygarden kommune. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 202. e. Steinar Nilsen Moldøen f. 1965 g. 1989 m. Britt Johnsen f. 1965 Øygarden, busette der, seinare på Husa (gnr 168 bnr 415-1), sjå meir der.

2. Cit Holding AS ved Idar Tangen f. 1963 (sjå Husøyna gnr 168 bnr 247-8) fekk skøyte i 2022. Utleigehus.


Fedje komm.svg Strandvoll (Fedje gnr 170 bnr 15) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kvalneset (Fedje gnr 170 bnr 11) • Neste bolk: Soltun (Fedje gnr 170 bnr 18)