Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse ( 1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring. Les mer …
Ein fyring (med kort y), òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet (stor)fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting på Hitra og Frøya. Åfjordsfyringar kunne òg ha løfting, eller avtakbar «hytte». Dei mindre fyringane hadde løftingen midtskips, og så var det rom til sjøbørnar frammi og atti. Storfyringane hadde gjerne løftingen atti. Les mer …
|