Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag.
Foto: Gunnar B. Holen.

Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.

Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen (Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare.   Les mer …

Strandehagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Strandehagen eller berre Hagen ligg i det sudaustre hyrna av Trydalskvelven i Bykle kommune, og deildar i nord mot Strondi, i sør mot Lislehisdal og Torstveit, og i aust mot Storstein.

På grunnlag av namnet (hamnehagen til Strondi) skulle ein vente at bruket hadde gått ut frå Strondi. Dette er likevel ikkje tilfellet, for etter det me kan skjøne må Hagen, på same måten som Strondi, ha vore ein del av det skogstykket som hadde vorte kaupt innåt Systog og Storstein i 1843. Då denne teigen vart dela i to bruk i 1882, fekk den parten som høyrde til Systog lnr 46 a.

Rudningsmannen, og den fyrste til å bu her, heitte Tarald Tarjeisson. Han var frå Systog, nest eldste son åt Tarjei Olavsson på det bruket og andre kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Mosdøl.

  • Tarald Tarjeisson Trydal, f 1855, d 1936, til Amerika med huslyden 1893, sjå nedanfor
g 1880 m Gunvor Mikkelsdtr. Nesland, f 1856, dødsår ukj.   Les mer …

Sanden 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Sanden, også kalla Eidsvollsbakken, låg innunder Sandefjellet, i bakkane ned mot den austre stranda av Bykil i Bykle kommune. Næraste grannen i sør var plassen Stigamidjom under Trydal, men Sanden gjekk ut frå Bjones, og fekk difor bruksnummer under Stavenes.

Staden vart busett kring 1875, og matrikulert som eige bruk i 1878. Landskylda vart i 1878 sett til 2 øre. Så vidt me kan sjå var Tarjei og Arne Tarjeissøner Bjones og huslydane deira dei fyrste som budde i Sanden. Me har plassert den nærare omtalen av Tarjei i bolken om Bjones, men Arne set me opp her:

  • Arne Tarjeisson Bjones, f 1841, til Amerika med heile huslyden
g 1871 m Eli Olavsdtr. Nesland, f 1833.   Les mer …

Haugo 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Haugo låg like nordom tunet i Der uppe, eit av dei to hovudbruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier var terrenget her litt meir homput og kupert enn nede ved dei to hovudbruka.

Plassen vart teken i bruk som fast bustad på slutten av 1820-talet, og den fyrste me veit om budde her var Gunleik Torleivsson Holen, som var den nest eldste av sønene åt Torleiv Hallvardsson Tveiten i Holen Der uppe og kona, Ingebjørg Torleivsdotter.

  • Gunleik Torleivsson Holen, f 1792, d 1831
g 1829 m Ingebjørg Taraldsdotter Byklum, f 1796, d 1870. Born:
  • Torleiv, f 1830, d 1830
  • Gunleik, f 1831, d 1831
Ingebjørg Taraldsdotter vart oppskrive med adresse Byklum då ho gifte seg, så ho har nok vore tenestejente på eitt av Byklumbruka på den tid. Men ho var fødd i Trydal, og foreldra hennes var Tarald Asbjørnsson [Systog] Stavenes og kona, Sigrid Tarjeisdotter, fødd Røysland.   Les mer …

A/S Hovden Høyfjellshotell vart skipa i 1935 av ei gruppe investorar frå Kristiansand, som meinte det burde vera god forretning å drive hotell på Hovden. Året etter kaupte selskapet ein parsell på 80 mål hjå A/S Sætersdalen, som på denne tid framleis åtte både bnr 1 og bnr 2 på Hovden. Her skulle hotellet byggjast. Så skjedde, og to år seinare sto det klart til å taka imot gjester.

Starten var prega av optimisme, og det vart m.a. satsa på å spreie vakre bilete av hotellet og omgjevnadene. Difor henta dei hit dei beste fotografane som var å finne, såleis m.a. A.B. Wilse. Men etter kvart synte det seg at det var vanskeleg å få tilstrekkeleg med hotellgjester til at drifta kunne løne seg. Den fyrste hotelldirektøren, som heitte Harald Køhn, slutta difor etter snaue 2 år. Ein ny sjef vart tilsett, men heller ikkje han fekk det til å gå skikkeleg rundt, og etter den tyske okkupasjonen vart det heilt umogeleg.

Frå 1942 var hotellet stengt til krigsslutt, då bortsett frå at tyske militære stundom bruka det. Dei var ikkje berre snille med huset.   Les mer …

Breive Der uppe ca 1900. Framme: Olav Alvsson Breive (1837-1903), kona Åshild Hallvardsdotter, f Breive (1855-1937), og dottera Torbjørg (1890-1953), g m Kjetil S. Hovden. Attanfor: Åsne (1881-1957); Margit (1874-1953) og Halvor (1884-1963). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Der uppe var bruksnummer 9 under Breive i Bykle kommune. I bolken om Utistoga, bnr 6, har me fortalt at det bruket vart dela i 1873, då Olav Alvsson frå Der inne kaupte litt over halvparten av det Mons Knutsson hadde sete med. I 1875 fekk det nye bruket lnr 2 e i matrikkelen, og sidan bnr 9. Landskylda vart sett til 27 skilling.

I den gamle gards- og ættesoga ( 211) les me at det var Mons Knutsson som budde i Der Uppe, og at han «fekk bruket hjå faren Knut Monsson», men det stemmer ikkje. Det er også gale, slik det står i den same boka ( 202) at Olav Alvsson budde i Utistoga, men den feilen er meir forståeleg, ettersom han etter 1893 åtte også det bruket. Men heimen hans var i alle høve her frå 1882, og inntil då budde han i Nordgarden.

Han sette seg opp hus i øvre kanten av det gamle fellestunet, og me reknar med at det var difor bruket vart kalla Der uppe.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest