Skulehistorie i Solund skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Solund kommune si skulehistorie. Kommunen vart skipa i 1858 under navnet Utvær. Før dette var Solund ein del av Gulen kommune. Kommunenamnet vart i 1893 endra til Sulen, og i 1920 til Solund. I 1964 vart øya Losna overført frå Gulen kommune til Solund kommune.
Solund var den første tida delt i to skuledistrikt - eitt ytre og eitt indre. Grensa gjekk gjennom Dalesundet. Dei to distrikta vart delte i roder, og i 1864 vart desse erstatta av 12 skulekrinsar. Før det kom fastskule for læraren og elevane frå hus til hus, frå gard til gard. Det var meininga at alle skulle bidra, og det vart halde skule i stover rundt om i kommunen. Talet på ungar kunne av fleire grunnar variere frå dag til dag, men i 1833 var det 204 skulepliktige born i Solund.
Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar. Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt ni til i leigde, faste skulelokale, og tre krinsar hadde framleis omgangsskule. Les mer …
Smia på Brennene. Foto: Margrete Berge Feidje Smia på Brennene i Feios, Vik kommune, var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet.
Me reiste opp på Brennene for å intervjua Jostein Tveit. Jostein er einebarn og son til Gudvin og Milla Tveit. Saman med kona Anna Tveit, har Jostein no ein stor familie. Intervjuet med Jostein Tveit om smia på Brennene er ein del av Feios kulturløype. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 18. oktober 1975: Utsnitt fra nekrolog over Hans Fredrik Hygen.
Hans Fredrik Hygen (født i Kristiania 12. januar 1884, død 15. oktober 1975) var sivilingeniør og industrileder, blant annet var han direktør ved A/S Norsk Aluminium Co. i Høyanger i over 30 år. Hygen engasjerte seg i lokalsamfunnet i Høyanger, og var blant annet styremedlem ved Høyanger sykehus 1933-55. Etter at Hygen gikk av som pensjonist i Høyanger i 1955 flyttet han til hovedstadsområdet. Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk. Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.
Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der. Les mer …
|