Forside:Sogn

Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 23:13 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Aurland • Gulen • Hyllestad •Høyanger • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Vik • Årdal

Om Sogn
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67.
Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.   Les mer …

Gamle Utladal skule
Foto: Sigrun Espe
(2017)
Utladal krins var ein skulekrins i Årdal kommune i Sogn. Utladal vart eigen krins i 1904, fekk nytt skulehus i 1924 og vart lagt ned i 1958-1959. Skulehuset står framleis (2017).   Les mer …

Fotograf Nils O. Reppen (1856-1925).
Foto: Ukjend.
Nils Olsen Reppen (født 1856 i Sogndal, død 1925) var fotograf.

Han blei født på garden Reppen i Sogndal. Gift første gong med Synneva Pedersdotter (1857-1931), og andre gong i 1906 med Eli Jonsdotter Elvagjeng (1878-1945). Reppen emigrerte til USA for første gongen 13. juni 1882. Han jobba som fotograf i Browns Valley, Minnesota i 1880-åra. Eit udatert visittkortportrett med firmaadresse Morris, Minnesota er også kjend.

Reppen returnerte til Norge, uvisst når, for så å emigrere til USA att den 13.september 1895. I 1898 overtok Reppen det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra, og ved folketeljinga i 1900 er han registrert som fotograf busett i tårnhuset. Han er ført som fråskilt, med ei dotter i huset.   Les mer …

Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.
Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Utsnitt fra kirkeboka for Hafslo i 1860. Johannes Gjetmundsen ble født og hjemmedøpt den 4. mars.
Johannes Gjetmundsen (født 4. mars 1860 på Kroken i Hafslo, død 26. mars 1924 i Talvik) var gardbruker, fisker, lensmannsassistent og herredskasserer i Talvik i Finnmark. Gjetmundsen var en engasjert Venstre-politiker og representerte Vest-Finmarkens kredsStortinget i perioden 1913-15. Han var sønn av Gjetmund Guttormsen og Synnøve Pedersdatter. Da Johannes ble født, var de husmannsfolk på Kroken i sognebygda Hafslo. Noen få år seinere flytta de til Talvik, der de ble gardbrukere på eiendommen Vollnes. Gjetmund Guttormsens foreldre, Guttorm Gjetmundsen og Kari Olsdatter fra Jostedalen, flytta sammen med dem til Finnmark, og i 1865 bodde hele storfamilien på Vollnes.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sogn
 
Andre artiklar