Forside:Sunnfjord

Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 23:16 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Bremanger • Fjaler • Kinn • Sunnfjord

Om Sunnfjord
Sunnfjord er det midtre av dei tre distrikta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som frå 1. januar 2020 tilhøyrer Vestland fylke. Det består av kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og den nordre luten av Kinn kommune (gamle Flora kommune). Bremanger vert dels rekna til Sunnfjord og dels til Nordfjord. Landskapet var tidlegare eit futedøme, Sunnfjord futedøme.

Distriktet ligg under Fjordane tingrett, som er under Gulating lagdømme. Det tilsvarar Sunnfjord prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.   Les mer …

Skulehistorie i Førde skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Førde kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.   Les mer …

Gustav Indrebø
Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939.
Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde).   Les mer …

Eldfrid Nikoline Bue er gravlagt i familiegrav på Haslum kirkegård i Bærum.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Eldfrid Nikoline Bue (født 25. februar 1916 i Jølster, død 5. februar 2018) bodde på Stabekk i Bærum. Hun ble nesten 102 år gammel.

Hun vokste opp som den eldste av ni søsken. Som ung jobba hun i butikk og kontor i Nordfjord og Bergen. Etter andre verdenskrig var hun med på gjenreisingsarbeidet i Finnmark og møtte der sin kommende ektemann, Ole.

Paret, som etter hvert fikk to barn, flytta til Åsliveien på Stabekk. I disse traktene dreiv Eldfrid N. Bue en barnepark i flere år.   Les mer …

Kåre Lunden på trappa til barndomsheimen i Naustdal.
Foto: Odd Byrkjeflot
(2010)

Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013 i Oslo) var blant etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar, og til å stå på sitt i debatten som følgde. Ikkje minst vart han kjend for på fruktbart vis å integrere teori og tenkjemåtar frå andre samfunns- og kulturfag, særleg sosialantropologien, i studiane av det gamle samfunn.

Kåre Lunden hadde eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskinga og elles hadde han eit grunnsyn som kan seiast å vere nasjonalt, folkeleg og demokratisk.Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdotter Indrekvam. Kåre var nest eldst av fem søsken. Yngste søstera Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyrikar, medan broren Olav Lunden (1937-2011) var lektor. Kåre Lunden vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apotekar   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnfjord
 
Andre artiklar