Lokalhistoriewiki:Hovedside 2
Sjekk ut på Lokalhistoriewiki
Smakebiter fra artiklene
Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge av Jens Kraft er eit bokverk utgjeve i seks band i tidsrommet 1820–1835. Delar av verket kom i reviderte utgåver 1838–1842, og eit samanfattande band vart trykt heftevis i åra 1845-1848. Verket gjev ei grundig og detaljert framstilling av naturtilhøve, befolkning, økonomi og næringsliv i tida rett før industrialiseringa kan seiast å ha teke til i Noreg. Det omhandlar også ein del «historiske Notitser» og «Oldtidsminder». Men fyrst og fremst er det ei allsidig natur- og samfunnsgeografisk samtidsskildring, landsdel for landsdel, amt for amt og fogderi for fogderi ned til bygdelagnivå, og endatil med omtale av eit ganske omfattande utval av gardar i dei einskilde prestegjelda. Byane er omtala i eigne avsnitt. Les mer …
Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel og Gernos Karpol, var ein litauisk-fødd, jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo. Les mer … Karoline Skar (fødd Korsødegaard i Stange 2. mars 1850, død på Lillehammer i 1935) var veverske, bedriftseigar og lokalpolitikar på Lillehammer. Ho gjorde også ein stor innsats for husflidsrørsla der tidleg på 1900-talet. Skar var den eine av to kvinner som kom inn i bystyret i Lillehammer ved kommunevalet 1901. Den andre var Marith Tande. Dei var dermed blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra etter at kvinner hadde fått ein avgrensa stemmerett det året. Båe to representerte Det konservative parti. Karoline Skar var dotter av gardbrukarparet Anders Amundsen Korsødegaard (1825-1905) og Alis Amundsdotter fødd Oustad (1821-1873). Karoline var einaste barnet deira. Faren gifta seg opp att, og Karoline fekk ho ei halvsyster, Marie fødd 1883. Korsødegarden var ein mellomstor gard i Tangen sokn i Stange. Karoline gifta seg med i 1880 med fargarmeister Ole Olsen Skar frå Øyer (fødd 1842), busett på Lillehammer. Dei fekk tre born (Anders, Ågot og Marie). Både Karoline og Ole hadde gått på folkehøgskule, ho hjå Herman Anker på Sagatun ved Hamar, Ole på skulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen. Les mer … |
Ukas artikkelDen norske Industri- og Kunstudstilling i Christiania var en landsutstilling som ble avholdt 16. juni til 21. oktober 1883. Utstillingens formål var å presentere norske produkter og produktutvikling over et bredt spekter. Publikumsbesøket var imidlertid ikke helt som forventet, da det denne sommeren var et spesielt dårlig vær. Hovedbygningen for industriutstillingen fylte hele Tullinløkka hvor også Kristian IVs gate og Frederiks gate inngikk i utstillingsområdet, mens kunstavdelingen var på Nisseberget i Slottsparken. Her var også et himmelobservatorium med en stjernekikkert som en av attraksjonene. Les mer...Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 385 artikler og 217 852 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |