Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle. Foto: Siri Johannessen (2016)
Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758 på Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.
Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes Les mer …
Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.
Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.
På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Les mer …
Systog 5.9.2005. Foto: Aanund Olsnes
Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Utistog er truleg eldste bruket i Stavenes, og Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.
Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her. Les mer …
Kultran sumaren 2004. Foto: Tor Hallvard Mosdøl
Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.
Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».
Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.
Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der. Les mer …
Soknekirken St. Paul i Bergen. St. Paul menighet er den katolske menigheten i Bergen. Den første soknepresten ble utnevnt i 1857, og 1858 regnes gjerne som grunnleggelsesåret for menigheten. Formelt ble den det året en misjonsstasjon, og i 1870 ble den selvstendig menighet. Soknekirken St. Paul sto ferdig først i 1876. Det ble raskt etter at St. Olav menighet var oppretta i Christiania i 1843 lagt planer for en misjonsstasjon i Bergen. Selv om det nok hadde bodd katolikker i Bergen i tida etter reformasjonen, hadde de aldri fått begrensa religionsfrihet slik det var i bergstadene og i Fredrikstad. Det var derfor svært få katolikker i byen, og dermed lite grunnlag for å etablere en menighet på kort sikt. Det som allikevel lokka, var dels at Bergen var en svært viktig by, i mange henseender langt viktigere enn Christiania, og dels at det på grunn av den store skipstrafikken ville være et stort antall katolikker som hadde kortere eller lengre opphold i byen. Sokneprest Gottfried Ignatius Montz i Oslo og pater Johan Daniel Paul Stub, som var bergenser, var derfor villige til å forsøke å etablere noe i byen. Fram til 1845 var det bare i Christiania de hadde lov til å etablere fast virksomhet, men i 1845 kom dissenterloven, og dermed var det åpent for nyetableringer. Les mer …
Dale – gard nr. 56 i Bygland kommune, foto frå 1910–1915.
Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på ca. 25 000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid. Les mer …
|