| Om Arkivvesen
|
|
Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.
Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.
Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar
|
Då det kom bilveg til Hovden i 1937, var Knut og Gyro avstad til Vestfold og kaupte seg ein bruka Buick. Biletet her viser truleg kaupssituasjonen - det var vanleg at seljar og kaupar stilte opp til fotografering saman ved slike høgtidelege høve. Dersom det var slike problem med å få starta doningen, som biletet kan tyde på, vil me tru at dei to karane som står på hovudet i motoren helst var noko flaue, men Knut kaupte då bilen i alle høve, og hadde glede av han i tre-fire år. Etter det me har fått vita frå Buick Club Norge er bilen på biletet ein 1920-modell av typen K-45. Karosseritypen er «Phaeton», som tyder open 5-seter med kalesje. Ein viktig grunn til å kaupe open bil var at dei var langt billegare enn sedanane. I 1923 var prisskilnaden mellom ein Buick Phaeton og ein sedan av same merket så stor at ein kunne kaupe to T-Fordar for differansen. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b I s 189. Foto: Heimar og folk i Bykle, 2006 NEG 193 Bil og bilkjøring er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2002 med tittel Bil og bilkjøring. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue. Les mer …
Hans Cappelens Minde før brannen i 1924. Foto: Hans Cappelens Minde (Barnehjem), Barnehjemmet Hans Cappelens minde : oversikt i anledning 100 års jubieet 8. november 1944 : samt regnskap, Skien, 1944.
Hans Cappelens Minde ble opprettet i 1844 og var det første barnehjemmet i Telemark og ett av de første i Norge. Hjemmet lå ved Ulefossvegen i Skien på samme sted som Barne- og Ungdomspsykiatrisk avdeling ved Telemark Sentralsykehus ligger i dag.Hans Mikkelsen (1806-1881) kom fra Vassbund i Kilebygda. I 1830 kjøpte han et lite hus og et jordstykke ved Klostergrinden i Solum. I 1835 giftet han seg med Anne Marie Jonsdatter (1794-1869) fra Blegebakken i Skien. Han var skredder og paret drev i tillegg gjestgiveri med utsalg av brennevin. I 1843 gjennomgikk paret en vekkelse og fant ut at de ikke lenger kunne drive med gjestgiveri og brennevinssalg. De var barnløse og tok til seg fire barn til oppfostring.
I 1844 opprettet de et barnehjem. Det var det første barnehjemmet i Telemark og ett av de første i Norge. Hjemmet mottok mye økonomisk støtte fra godseier Hans Cappelen på Gimsøy Kloster. Da Cappelen døde i 1846 døpte Mikkelsen barnehjemmet til Hans Cappelens Minde.
Hjemmet tok opprinnelig inn både gutter og jenter, men etter hvert gikk det over til å bli et rent jentehjem. Hjemmet levde i mange år fra hånd til munn. Barna arbeidet med jorda og husflid av forskjellig slag. Etterhvert bidro foreninger og private til driften. I 1877 ble hjemmet overtatt av Langesundsfjordens indremisjonsselskap. Hjemmet brant i 1924, men ble snart gjenreist med dagens utseende slik det fremdeles står ved Ulefossveien. Les mer …
Nils Rød køyrde denne bussen med 41 sitjeplassar i 1960. Foto: M. I. Hove, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971
A/S Siljan Bil vart skipa 30. april 1921 i det gamle kommunelokalet på Siljan prestegard. Billaget hadde rute frå Siljan til Skien og omegn.
Under stiftingsmøtet på Siljan prestegard vart det satt ned eit styre for billaget, og fyrste styremøte skulle haldast 1. mai same året. Olaf Næss vart valt til formann, og han fekk også fullmakt til å kjøpe inn bil til laget. Den fyrste bilen laget kjøpte inn var ein fransk «Charron» lastebil. Den hadde tak over lasteplanet og fastmonterte benkar i køyreretninga. Midtgangen vart nytta til varetransport. Prisen på bilen var 18 474 kroner, og ruta gjekk frå Siljan til Skien ei gong til dagen. På sundagar og heilagdagar stod den parkert i garasjen på Hogstad.
I 1926 kjøpte selskapet inn ein seks sylindrar Reo-buss med 50 hk motor og opent karosseri. Bussen hadde 14 sitjeplassar, og prisen var 12 700 kroner.
I 1931 blei garasjen på Hogstad flytt til Torsholtbakkene, og garasjen utvida med plass til tre bilar. Tre år seinare hadde bilparken vokse, slik at ein måtte leige ekstra garasjeplass. Les mer …
|
|
|
| Kategoriar for Arkivvesen
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|
|
|