Forside:Jostedalen

Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jostedal kyrkje, som sto ferdig i 1660. Tøger Jensson var ansvarleg for bygginga.
Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614 og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703.Tøger vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius". 'Breonius' kan vere ei latinisering av Breum, som var i vanleg bruk som namn på Jostedal prestegard fram til 1800-talet. Han nytta alltid Jensen som etternamn, og den einaste kjende Jens på prestegarden i Jostedalen frå den tida Tøger var fødd, er presten Jens Jonasson. Han var den fyrste kjende presten i Jostedalen etter nyryddinga og er nemnd som prest i 1604.I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar.   Les mer …

Anders Olson (døypt 20. januar 1747 i Jostedalen, død i Aurland 9. juli 1802) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han skal ha vorte klokkar i Jostedalen kring 1776 etter far sin Ole Anderson Åsen. Han hadde truleg klokkarposten til 1781 då bror hans Lars Olson Bjørk tok over. Frå 1774 til 1777 skal Anders Olson ha vore paktar på Jostedal prestegard før han vart innerst på Ormberg. I 1781 flytte han så til Aurland der han òg var lærar og klokkar. Her busette han seg på garden Gjerlaug (Gjerløv) der han budde resten av levetida.   Les mer …

Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.

Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.

Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk.
Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde. Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …

Fyrste sida i protokollen for Jostedal bygdemagasin som fortel om skipinga i 1823-24
Foto: Oddmund L. Hoel (2010)
Jostedal bygdemagasin (Justedals Bygdemagazin) var eit magasin skipa i 1824. Det eksisterte til 1895 då kapitalen gjekk inn i nyskipa Jostedal sparebank. Peder Pavels Aabel vart 13. april 1822 utnemnt til sokneprest i Jostedal prestegjeld, men byrja raskt å leita etter ein veg bort frå det vesle og fattige prestekallet. Alt året etter, 20. august 1823, vart han utnemnd til sokneprest i Sogndal. Aabel fekk då gjennomslag for framlegget sitt om at han skulle styra Jostedal prestegjeld frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om at korntilskotet frå dei andre kyrkjene i Sogn i tre år (19 ½ tønner årleg) skulle nyttast som grunnkapital i eit bygdemagasin.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest