Forside:Tustna

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2010 kl. 20:52 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Bygdemal| |Flertall(er/ar) = ar |Kommune = Aure }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Husa på Langholmen.
Foto: Olve Utne
Langholmen (dativ (på/frå) Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmøre. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kyrkjebøkene frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinneleg hørte til Golma, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender att.   Les mer …

Fuglsnes og Litløra sett frå ViaviknesetErtvågsøya.
Foto: Olve Utne

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgardStabblandet i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtua i sør og Hola i nord. Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre Fuglvågen på Ertvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. I 1841 kjøpte Ola Johannesson Ørbog, som hadde vore gardmann på Indre Fuglsnes sidan han vart gift med enkja der i 1834, Ytre Fuglsnes av Peder Foss i Karlsvika som tilleggsjord.   Les mer …

Nordheim i mai 2007.
Foto: Olve Utne
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] (dativ)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommuneNordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 18791880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der.   Les mer …

Lagsnaustet og lagsbåten Havhesten, ein geitbåt-honnfemring.
Foto: Olve Utne
(juni 2017)
Kystlaget Geitbåtens Venner er eit kystlag med base på Tustna i Aure kommuneNordmøre. Laget vart stifta den 10. april 1991 — da med 14 tustningar som medlemmar. I ettertid har laget vakse til kring 50–60 medlemmar frå Sør- og Midt-Noreg. Laget fekk tomt på området til Kråksundet notnaust og sjøbruksmuseum, og dei har bygd eit nordmørsk stavlinenaust på 8×12 m som vart ferdigstilt i mai 1998.   Les mer …

Johannes Berven spelar på fjølfela si.
Foto: Olve Utne (1995)
Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under InnersetraTustna i noverande Aure kommuneNordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Tustna
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Mest lest