Forside:Jostedalen

Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
John Rongved

John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Johnsen Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.

Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).

Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil.   Les mer …

Wollert Johan Lyder Frich
Foto: Norges gejstlighet i 1914
Wollert Johan Lyder Frich (fødd 1. januar 1843 i Bergen, død 10. juni 1929 i Fana) var son av bakarmeister David Frich og Christiane Benedicte f. Jordan. Han vart student i 1863 og tok teologisk embetseksamen 3. juni 1871. Han gifte seg i Bergen 26. mai 1872 med Charlotta Louise Christiane Stoltz (1849-1943). Frich var prest (”Lutheran Minister”) i Halfway Creek i Wisconsin, USA, frå 1872. I 1882 flytte han og familien attende til Noreg. Etter å ha vikariert i ledige sokneprestembete i to år, vart han 23. februar 1884 utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Han kom til Jostedalen med kona og seks born 15. mai 1884. Det vart Frich som innvigde det nye skulehuset på Bjørk 9. januar 1886. Det fungerte òg som kommunehus. Frich sytte òg for å få dyrka opp ei myr ved Prestegarden, finansiert gjennom lån i Opplysningsvesenets fond. Frich og huslyden forlet Jostedalen 24. september 1890 etter at han vart utnemnd til sokneprest i Børsa i Sør-Trøndelag 31. mai same året.   Les mer …

Nigard, fotografert av Knud Knudsen i 1870-åra.

Nigard (gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard. Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet.

Den fyrste kjelda som fortel om problem for Nigard, er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at «breen forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe». Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at «breen nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig». Størstedelen av beite- og slåttemarka til den gamle storgarden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis.   Les mer …

Pesta kommer. Av Theodor Kittelsen, teikna 1894-95.

Jostedalsrypa er ei segn om ei jente som var den einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden. Det er den mest kjende norske segna om Svartedauden, men liknande motiv går att i ei rad segner både frå andre delar av Noreg og andre land.

Somme versjonar av segna hevdar at stormannsfamiliar i Sogn flykta opp i Jostedalen for å kome unna pesten. Bygdefolket prøvde å isolere seg fullstendig, og brev ut og inn av bygda vart lagde under ein stein, Brevsteinen. Pesten kom likevel til dalen, og alle unnateke den vesle jenta døydde. I dei versjonane av segna der det vert sagt kvar ho kjem frå, vert ho heimfesta til garden Bjørkehaugen i Mjølvergrendi.

Då buskapen frå Jostedalen kom til ei grannebygd, ante folket der uråd, og dei drog til Jostedalen for å undersøkje tilhøva. Det varierer med versjonane om folket kom over Jostedalsbreen frå Nordfjord, frå Skjåk i Gudbrandsdalen eller frå fjordbygdene i Luster. Dei fanga den ville jenta og tok ho med seg.   Les mer …

Bergset.
Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar Bergset mot Grov. Garden er fyrste gong nemnd i skattelista frå 1600 då Thore Bersetter var leiglending. Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.   Les mer …

Fyrste sida i protokollen for Jostedal bygdemagasin som fortel om skipinga i 1823-24
Foto: Oddmund L. Hoel (2010)
Jostedal bygdemagasin (Justedals Bygdemagazin) var eit magasin skipa i 1824. Det eksisterte til 1895 då kapitalen gjekk inn i nyskipa Jostedal sparebank. Peder Pavels Aabel vart 13. april 1822 utnemnt til sokneprest i Jostedal prestegjeld, men byrja raskt å leita etter ein veg bort frå det vesle og fattige prestekallet. Alt året etter, 20. august 1823, vart han utnemnd til sokneprest i Sogndal. Aabel fekk då gjennomslag for framlegget sitt om at han skulle styra Jostedal prestegjeld frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om at korntilskotet frå dei andre kyrkjene i Sogn i tre år (19 ½ tønner årleg) skulle nyttast som grunnkapital i eit bygdemagasin.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest