Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 5)

Solhaug er ein eigedom i Fedje kommune.

Solhaug
S478.172.4.CD 11 053.jpg
Flyfoto 1963. Skulehuset (bnr 29) framme til venstre, bakom det er bnr 31, bnr 23 til høgre. Bak frå venstre: Løe, bnr 5, bnr 7, bnr 35, bnr 107, bnr 14 (bakom), bnr 97 (framom), bnr 117, bnr 15.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 5

1. Johannes Olai Torsen f. 1850 Bergen d. 1903 (son av ungkar og matros Tor Johannessen Fosse f. 1821 Meland (jf Melandb. II s 371) og pike Serenne Berntine Bertelsd, Johannes vaks opp på Breivik i Øygarden) g.l.g. 1874 m. Johanna Kristine Albriktsd f. 1846 Hernar, Øygarden d. 1883. Johanna var søster til Johannes Stormark (gnr 172 bnr 27-1), sjå òg Stormark gnr 172 bnr 4-5. Johannes Olai og Johanna budde på Hernar.

Born: a. Anna Maria Olina Johannesd f. 1874 d. 4 md gl. b. Johanna Martina Olina Johannesd f. 1875 d. 1962 g. 1898 m. Kristoffer Sjursen Økland f. 1873 Tysnes d. 1950, skipstømmermann, budde der (sjå Tysnesb. I s 60). c. Albert Andreas Johannessen f. 1878 d. 1959 g. 1902 m. Karen Oline Ananiasd f. 1877 Halland, Radøy d. 1960, budde på Mangersneset, Radøy og seinare Hernar (jf Radøyb. III s 152 og 772). d. Sofia Vilhelmina Johannesd f. 1882 d. 5 md gl. e. Johanna Sofia Johannesd f. 1883 d. 1 veke gl.

2. Enkjemannen Johannes Torsen (1) g.2.g. 1885 Manger m. Brita Nilsd f. 1851 Hellesund, Øygarden d. 1926 (dotter av Nils Larsen f. 1817 d. 1859 og Anna Johannesd f. 1823 d. 1891). Brita var søskenbarn til Ragnhild Stormark (gnr 172 bnr 34-1). Johannes og Brita må ha flytta til Stormark og sett opp hus straks etter giftarmålet, for alle borna er fødde her. Han var fiskar. Dei hadde husdyr.

Born: a. Nikolai Johan Johannessen f. 1885 d. 1905, sjømann, omkom i Atlanterhavet, fall i havet frå skonnerten «Stella» av Stavanger. b. Josefina Bergitte Johannesd f. 1887 d. 1934, neste brukar (3). c. Alfred Martin Johannessen f. 1889 d. 1978 g. 1913 m. Ingeborg Steffensd f. 1891 Laksevåg, Bergen d. 1957, bygde på Stormark (gnr 172 bnr 22-1). d. Tilla Johanna Johannesd f. 1891 d. 6 dg gl. e. Tilla Johanna Johannesd f. 1892 d. 3 dg gl. f. Theodor Johan Johannessen f. 1893 d. 1976 g. 1921 m. Henrikka Olsd f. 1902 Husa (gnr 168 bnr 63-1d) d. 1982, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 32-1).

3. Josefina Johannesd Stormark f. 1887 på dette bruket (2b) d. 1934 g.m. Bernt Jørgen Olsen f. 1889 Refvik, Vågsøy i Nordfjord d. 1949 (son av Ola Gunnarsen f. 1844 og Anna Olsd f. 1851). Bernt var morbror til Solveig Herøy, Stormark (gnr 172 bnr 107-1). Skøyte på dette bruket i 1911 for 600 kr, frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 i 1912. Skøyte på tilleggsareal bnr 26 utskild frå gnr 172 bnr 1 i 1921 . Næringa var fiske og jordbruk. Bernt var i USA i mange år på 1920-talet.

Barn: a. Anna Josefina Stormark f. 1911 d. 1985, var både døv og blind, gjekk på blindeskule i Trondheim og døveskule i Oslo, flytta til Oslo på 1950-talet, gravlagd på Fedje. Brordottera Jenny Alfredsd f. 1912 Stormark (gnr 172 bnr 22- la) d. 1999 vaks opp her frå ho var 9 år.

Enkjemannen Bernt Olsen Stormark g.2.g. 1937 m. enkja Ragna Rasmusd f. 1897 Soltveit, Radøy d. 1980, sjå Stormark gnr 172 bnr 27-2. Ragna flytta til dottera Ragnhild Bråte (gnr 168 bnr 124) då ho selde her i 1962. Ho byrja samstundes på Bjelland.

4. Erling Borge f. 1923 Bergen (sjå Husa gnr 168 bnr 12-7ca) d. 1972, meteorologfullmektig, g. 1959 m. Aase Karin Lie f. 1933 Bergen d. 2017, butikkeksp., medeigar butikken Snellene (jf Muren gnr 168 bnr 42-3). Aase var farsøster til Ada Tine Hærøy, Stormark gnr 172 bnr 138-1, og Sverre Lie, Stormark gnr 172 bnr 149. Skøyte på bnr 5, bnr 26 og bnr 27 (sjå der) i 1962. Dei kom då frå Bergen.

Born: a. Ørjan Borge f. 1960 g. 1982 m. Odrun Kristin Pettersen f. 1963 Mo i Rana, bustad Bergen, seinare Stormark (gnr 172 bnr 96-2). Han er neste eigar her (5). b. Gidske Borge f. 1963 g. 1991 m. Magne Kolltveit f. 1961 Kvam, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 160). c. Stig Borge f. 1965, sjåfør, g. 1997 m. Linda Gjerde f. 1967 Samnanger, arb. catering, bustad Bergen, seinare Stormark (gnr 172 bnr 198), som er tomta med huset, frådelt i 1999.

Aase Karin samb. m. Nils Nordland f. 1913 Bergen d. 1988, marineoffiser (jf Masfjordb. I s 513).

Born: d. Nils Ivar Nordland f. 1973, boredekksarb., travkusk, bustad Bergen, seinare Haugesund, g.1.g. 1999 m. Frøydis Enge f. 1973 Haugesund. Ekteskapet oppløyst, hennar bustad Karmøy og hans Os i Bjørnafjorden kommune, g.2.g. m. Merete Moser Beckholdt f. 1974. e. Håkon Johannes Nordland f. 1975, travkusk, g. 2008 m. Inger Merethe Holtan f. 1982 Våle, budde der, i Holmestrand og seinare Tønsberg. Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Skoppum i Horten.

5. Ørjan Borge f. 1960 (jf 4a), bustad Stormark (gnr 172 bnr 96-2), fekk skøyte på bnr 5, bnr 26 og bnr 27 (jorda og naust) i 2002.


Fedje komm.svg Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 5) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nyheim (Fedje gnr 172 bnr 4) • Neste bolk: Stensland (Fedje gnr 172 bnr 6)