Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Dei gamle husa som framleis står i Lisle-Hisdal. Bilete frå kommunearkivet.

Lisle-Hisdal er eitt av bruka i Hisdal i Bykle kommune. Den fyrste som rudde og bygde her var Knut Hallvardsson Stavenes. Han var frå Teigen Stavenes, son åt Hallvard Såvesson og kona, Åse Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Då Knut gifte seg i 1806 var han dreng i Trydal. Sidan budde han og kona eit bil i Holen, dinest nokre år i Trydal att, men kring 1814 fekk han bygsle Lisle-Hisdal hjå Hallvard Knutsson i Store-Hisdal, som åtte Trydal Der inne på denne tid, og sette i gang med plassrydjing. Seinast frå 1816 budde Knut og familien hans her.

  • Knut Hallvardsson Stavenes, f 1772, d 1852
g 1806 m Jorunn Kristensdtr. Hisdal, f 1780, d 1859   Les mer …

Kroné 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Kroné, også kalla Skarberg, ligg ved nordaustenden av Motjønni i Bykle kommune. Tek ein innetter gamleveg frå Moen er dette fyrste verestaden ein kjem til. Som namnet tilseier er det ei kro. På nordsida lyfter Den store ufsi seg, austetter har dei Urinn og Krofjødd, sudetter Oppå haugen og Vardebrokke mot Øytjønnsåsen.

Det var brørne Olav og Ånund Knutssøner Skarberg som sette i gang med bureising her i 1917. Desse var søner av Knut Ånundsson Trydal og kona, Torbjørg Halvorsdotter, fødd Uppstad. Det gamle namnet på staden var Kroné, men då skarbergkarane fekk tinglyst eigedomsretten sin, valde dei å kalle den nye heimen Skarberg etter bruket dei kom ifrå (gnr 9, bnr 3). Til dagleg vert vert staden likevel omtala som Kroné.

Då dei sette i gang her, kom skarbergbrørne frå Bjørnarå Der heime, der far deira var brukar for Torgeir Bjørgulvsson. Såvidt me kan oppfatte varde dette til 1920, men då var Torgeir Bjørnarå vaksen, og ville bruke garden sjølv. Etter dette flutte Knut og Torbjørg frå Bjørnarå til sønene på Kroné. Torbjørg døydde her i 1935, Knut tre år seinare.   Les mer …

Vodden Nesland i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vodden er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som me har fortalt i bolken om hovudbølet vart dette bruket, som er det vestlegaste av dei gamle gardsbruka på Nesland, utskilt som ein eigen verestad med ei landskyld på 6 kalveskinn alt i 1682, og den fyrste oppsitjaren her var Olav Knutsson.

  • Olav Knutsson Nesland, n 1645-1682, d fyre 1689
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • ? Bjørgulv, n 1664-66, d fyre 1670
  • Tarjei, f ca 1648, d 1720, sjå nedanfor
g 2. m Asgjerd, n 1666-70. Born, ialfall:
  • Knut, f ca 1659, n 1666, seinare lagnad ukj.

Når me trur at Asgjerd må ha vore andre kona av Olav Knutsson er det avdi Tarjei Olavsson ikkje kalla nokon av dei tre døtrene sine for Asgjerd, og då er det snautt om ho var mor hans.

Olav døydde ein gong på 1680-talet, få år etter at han hadde fått deilda ifrå Vodden som eige bruk, og sonen Tarjei vart neste oppsitjar.   Les mer …

Systog Dalen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Småbruket Systog Dalen, som ligg like austom Nordstog Dalen, kom til i 1917, då Olav O. Åsen kaupte ein parsell på ein stad mellom 300 og 400 mål hjå Sjur Vatnedalen og Knut K. Vatnedalen. Bruket vart matrikulert i 1920.

I matrikkelen står namnet Åsen, men til vanleg vert bruket omtala som Systog Dalen. I den gamle gards- og ættesoga (184) og sameleis i Norges Bebyggelse (153) står det at Systog er bnr 17, men bnr 17 er eit heistykke nordom Dalen, som heiter Renna.

Olav Åsen var son åt Torbjørg Åsmundsdotter frå Systog Stavenes. Faren var Olav Knutsson Nesland (sjå Nistog, gnr 14, bnr 10). Mora gifte seg i 1885 med Olav Auversson Åsen, og Olav Olavsson vaks opp hjå henne og stykfaren (sjå Tveitvodd, gnr 14, bnr 9). Han nytta Åsen-namnet åt Olav Auversson.   Les mer …

Haugen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Haugen i Hoslemo i Bykle kommune ligg vestom Nordigard med tunet i omlag same høgde som Nordigardstunet. I utgangspunktet var det plass under det udela Uppigard, det vart busett i 1874 eller 1875, og matrikulert til eit sjølveigande småbruk 15-16 år seinare.

Dei fyrste som budde her var Ånund Sigbjørnsson og familien hans. Han var frå Vatnedalen Der hite, og son åt Sigbjørn Knutsson på det bruket og kona Gunvor Hallvardsdotter, fødd Tveiten.Då Gro Hallvardsdotter gifte seg, var ho tenestejente einkvarstad i Trydal. Her fører me henne opp med etternamn Oddeskar avdi foreldra hennes budde på den plassen, gnr 27, bnr 8. Dei heitte Hallvard Olavsson Mule og Tone Olavsdotter, og kom frå Skafså til Valle ca 1843 (jfr Valle VI, 65). Olav, bror åt Gro, budde i Sollid, gnr 13, bnr 38, og er omtala der.

Ånund og Gro døypte dei to eldste borna i Vatnedalen, Ånund vert då kalla bruksmann, og har vel vore medbrukar hjå faren. I 1870 tykkjest dei ha vore busetar i Hoslemo, men i 1872 og 1874 var dei attende i Vatnedalen, og Ånund vert då kalla «husmann». Me trur helst at han då hadde fått feste på Haugen, men at plassen endå ikkje var klar til innflytjing. Men det vart han nok like etter, for i folketeljinga frå 1875 finn me familien som husmannsfolk i Haugen, og sidan vart dei verande her.

  Les mer …

Solhaug 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Solhaug, også kalla Bjones, ligg i breidd med Der nede i Berdalen i Bykle kommune, og vart utskilt derifrå.

Namnet Bjones kjem av at den fyrste som budde her var frå Bjones, gnr 16, bnr 8, og tok med seg heimenamnet sitt til den nye verestaden. Han og kona hans kom hit i 1897. Mannen heitte Olav, og var son åt Tarjei Tarjeisson Bjones, og kona, Margit Olavsdotter frå Skolås.

  • Olav Tarjeisson Bjones, f 1834, d 1916
g 1. 1860 m e Tone Asbjørnsdtr. Stavenes, f 1811, d 1890, ikkje born.
g 2. 1896 m Gyro Salmundsdtr. Breive, f 1855, d 1927. Born:
  • Knut, f 1898, g m Borghild Nilsen, Øyestad, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1899, g 1. 1934 m Anne Kristine Breive, g 2. 1979 m e Turid Hallvardsdtr. Breive, f Berg 1906, sjå Hagen, bnr 5, jfr. Åsland, bnr 16
Olav hadde i 1858, saman med broren Tarjei, kaupt attende Bjones, som ei tid hadde vore i eiga åt Hallvard Ånundsson Tveiten i Mosdøl. Då han gifte seg med enka Tone Asbjørnsdotter Stavenes i 1860, kunne han difor skrivast opp som «ungkar, selveier».   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artikler