Tjugum kyrkje. Foto: Per Olav Bøyum Tjugum kyrkje i 1960 Foto: Nasjonalbiblioteket
Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand, Sogndal kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.
Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden. Les mer …
Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav. Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.
Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.
I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige. Les mer …
Utsyn over Danskehytta og Heimste Vikvatnet i 2008.
Danskehytta er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta ligg på 1450 meter over havet ved Heimste Vikvatnet i Norddal kommune, og vart bygd for midlar som danske medlemer samla inn som gåve til 125-årsjubileet til Den Norske Turistforening i 1993. DNT bestemte å gje midla vidare til ÅST. Også dronning Margrethe var aktivt med i innsamlingsarbeidet, og hytta fekk derfor namnet Danskehytta. Les mer …
Kruttmølla. (oljemaleri fra 1837)
Kruttmølledalen er det trange dalsøkket som går fra Persløkka til Riegelsbakken på Kongsberg. Her finner vi fortsatt ruinene etter Sølvverkets gamle kruttmølle. Den ble anlagt i 1730-åra og var i drift til 1865. Her blei det først og fremst produsert krutt til Sølvverket, men også noe for salg. Kruttårnet var plassert et stykke unna resten av anlegget i tilfelle det skulle smelle … Like ved Kruttmølla går det en sti opp den bratte lia til høyre. Denne stien går til Snaprud-løkka. Les mer …
Folldal Gruver i Folldal kommune i Hedmark fylke startet driften i 1748 og var i drift frem til nedleggelsen i 1993. Gruvedriften var av avgjørende betydning for utviklingen av Folldal og de fleste bygdene i kommunene rundt.
I 1745 fant Ole Husum malm i Folldal, og tre år senere startet gruvedriften. Det ble vunnet sink, kobber og svovel fra hovedgruven frem til 1941 da den var tømt for grunnstoffer. Andre forekomster ble funnet, og det ble startet produksjon ved gruvene i Nordre og Søndre Geitryggen, Nygruva, Grimsdalsgruva og Hjerkinn. Hjerkinn var den yngste av disse, produksjon ble startet i 1968 og driftet frem til nedleggelsen i april 1993. Les mer …
|