Kraftstasjonen Sauda III stod ferdig i 1930. Arkitektane Bjercke og Eliassen stod for utforminga av stasjonen, og det var det lokale kraftselskapet A/S Saudefaldene som var utbyggjar. (2016)
Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.
Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for. Les mer …
Foto: David Aasen Sandved (2010)
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt.Blant attraksjonane er kraftstasjonen Tysso I, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876–1940) i samarbeid med Victor Nordan i seinhistorisk stil og reist i åra 1906–18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989. Museet eid også AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914, der museet i dag har utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspel. Den faste utstillinga «Det store spranget» handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda. Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum. Les mer …
Dale kraftstasjon i 1927. Foto: Halvdan Greve/Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Dale kraftstasjon, i Vaksdal kommune, er det nederste av kraftverkene i Bergsdalsvassdraget. Kraftstasjonen ble satt i drift i 1927 og var ferdig utbygget i 1951. Vannfallet i Bergsdalselvi har vært industrielt utnyttet siden Dale fabrikker anla en tekstilmølle på stedet i 1879. I dag produserer kraftstasjonene Dale, Fosse, Kaldestad og Hodnaberg elektrisk energi ved at vann strømmer gjennom turbiner. Høydeforskjellen mellom vannet før og etter turbinene gir et energipotensial som omdannes til elektrisk strøm ved hjelp av generatorer. Les mer …
A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotell på Lillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske. Les mer …
Foto: Fra Skansen, Johannes P.: "Bygdemøllene i Norge", 1958
Kvernkallen er akslingen som overfører vannenergien til kvernsteinen i ei bekkekvern. Kvernkallen består av en loddrettstående trestokk - grovere nede enn oppe - som er opplagra i bunnen av kvernhuset. Øvre enden når opp gjennom golvet i kvernhuset. Nederst på stokken er innfelt skovler som vannstrålen fra vannrenna rettes inn mot slik at kvernkallen roterer. Les mer …
|