Forside:Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

Kåre Øvregard.
Foto: Torodd Joranger (2007)
Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933 i Jostedalen, død 30. januar 2025) var ein lærar, lokalhistorikar og politikar frå Luster kommune. Øvregard var ordførar i både Jostedal og Luster, men krona sitt politiske engasjement som stortingsmann for Sogn og Fjordane. Han har heile tida representert Arbeidarpartiet. I 2011 fekk han Luster kommune sin kulturpris for det breie lokalhistoriske og kulturelle engasjementet sitt.Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1957 og arbeidde deretter som lærar ved Sperle skule i Jostedalen til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved Gaupne barneskule i Luster.   Les mer …

Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800 gjev eit oversyn over kven som åtte gardane i Jostedalen i Sogn og Fjordane fram til leiglendingane vart sjølveigarar. Jostedalsgardane har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet.   Les mer …

Peder Pavels Aabels gravminne på kyrkjegarden i Fluberg, i noverande Søndre Land kommune.
Foto: Dag Gurihus
Peder Pavels Aabel (fødd 19. desember 1795 i Jostedalen, død 3. juli 1869 i Krødsherad) var prest. Han tok teologisk embetseksamen 13. mai 1821 og arbeidde i Jostedalen, Sogndal, Land og Valdres. Han må reknast som ein typisk opplysningsprest. Aabel var dessutan den fyrste ordføraren i Land.Som sokneprest i Sogndal vart Aabel 8. desember 1829 prost i Indre Sogn. I Sogndal fekk Aabel både skipa Læseselskab for Indre Sogns mer dannede Familier (1831) og Sogndals Sogneselskab (1831), som mellom anna fekk sogndølene til å dyrke importerte kornsortar.   Les mer …

Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina. Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. Det har nok vore så som så med vedlikehaldet av Jostedal prestegard i tida hans. Åbota for prestegarden då Cordsen overtok kallet og garden i 1807, kom på 125 riksdalar. Då Cordsen forlet Jostedalen, måtte han ut med 236 riksdalar til etterfølgjaren Holger Halling Schjødt.I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almuen samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine."   Les mer …

Fyrste sida i protokollen for Jostedal bygdemagasin som fortel om skipinga i 1823-24
Foto: Oddmund L. Hoel (2010)
Jostedal bygdemagasin (Justedals Bygdemagazin) var eit magasin skipa i 1824. Det eksisterte til 1895 då kapitalen gjekk inn i nyskipa Jostedal sparebank. Peder Pavels Aabel vart 13. april 1822 utnemnt til sokneprest i Jostedal prestegjeld, men byrja raskt å leita etter ein veg bort frå det vesle og fattige prestekallet. Alt året etter, 20. august 1823, vart han utnemnd til sokneprest i Sogndal. Aabel fekk då gjennomslag for framlegget sitt om at han skulle styra Jostedal prestegjeld frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om at korntilskotet frå dei andre kyrkjene i Sogn i tre år (19 ½ tønner årleg) skulle nyttast som grunnkapital i eit bygdemagasin.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest