Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Hauk Abel fotografert ca. 1920.
Foto: Jens Carl Frederik Hilfling-Rasmussen/Oslo Museum
Hauk Erlendson Aabel (født 21. april 1869 i Førde, død 12. desember 1961 i Oslo) var skuespiller, mest kjent i samtiden som karakterkomiker, hovedsakelig tilknyttet Nationaltheatret, men han var også med i flere filmer. Hauk Aabel var født i Førde, hvor faren var distriktslege. I 1876 flyttet familien til Nord-Aurdal i Valdres, da faren fikk legestilling der. I første halvdel av 1880-tallet var Aabel elev ved Latinskolen i Drammen, hvor moren kom fra, mens resten av familien fortsatt bodde i Valdres. Aabel gjennomgikk Krigsskolens nederste avdeling, og ble sekondløytnant 1892. Han begynte å studere jus, men avbrøt studiene for å bli skuespiller. Hauk Aabel debuterte på Christiania Theater i 1897 som seminarist Pedersen i Hulda Garborgs Rationelt Fjøsstel. Han ble fast ansatt der i 1898.  Les mer…


Søre Lie
Alt. namn: Lien (1667)
Rydda: Sein jernalder
Stad: Liagrende
Sokn: Reinli
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal kommune
Gnr.: 1
Type: Matrikkelgard

Søre Lie er ein matrikkelgard i Liagrende i Sør-Aurdal kommune. Saman med Nørdre Lie i Nord-Aurdal har Søre Lie gitt namn til Liagrende. Garden vart truleg rydda i sein jernalder. Etter svartedauden låg han øyde, og vart fyrst rydda opp at ein gong rundt midten av 1600-talet. I gammal matrikkel var garden nr. 172, og hadde 2 skinn skyld frå andre halvdel av 1600-talet. I matrikkelen 1838 vart garden nr. 1, og dette gardsnummeret har han framleis.

Det ser ut til at Søre og Nørdre Lie ikkje kjem frå ein opphavleg namnegard Lie. Nørdre Lie ser ut til å ha hatt eit tidlegare namn, så dei var sannsynlegvis sjølvstendige garder frå først av. I 1666 kallast Nørdre Lie Melby, og i 1693 Melbylie. Under Søre Lie låg bruket Rustøe, som i 1736 vart utskild som sjølvstendig gard. Dei delte då skylda på 2 skinn og 12 merker smør, og fekk skyld på 1 skinn og 6 merker smør kvar. I matrikkelen fra 1723 var det ein husmannsplass under Søre Lie, i matrikkel fra 1761 var det fire husmenn og i 1782 fem plasser.

Bruk

På 1800-talet byrja utskiljinga av nye bruk.

Frå hovedbølet Søre Lie (bnr. 1):

Frå Liabrenne (bnr. 6):

Frå Sagbrøtin (bnr. 3):

Frå teig av Liaskoge:

Frå Rustøen (bnr. 8)

Frå Tøsteinsbrenne (bnr. 10):

Frå Tølleivshaugen (bnr. 9):

  • 1904: Song (bnr. 22)

Setrar

Det var ein rekkje setrar under Søre Lie-gardane. I 1935 vart følgjande registrert:

Husmannsplassar

Den eldste husmannsplassen ein kjenner er Tølleivshaugen, som vart eige bruk i 1845. I 1815 er det nemnt fire plassar, som vart kalla Brennplassane. I 1865 er det nemnt ti plassar:

I 1900 var berre tre av desse att som husmannsplassar. Andre plassar ein kjenner under Søre Lie er Enge, Liabrenne (eige bruk 1815), Dokke (eige bruk 1827) og Hermundsplassen (eige bruk 1828).

Eigarar

På 1600-talet var Søre Lie krongods. Under krongodssalet i 1660-åra kjøpte sokneprest Peder Pedersen Colding garden. Han fekk Søre Lie for ti riksdalar i februar 1666.

Vi kjenner desse eigarane fram til garden vart delt på 1800-talet:

  • Peder Pedersen Colding (sokneprest i Aurdal prestegjeld)
  • Lage Pedersen, son av forrige eigar
  • Timann Gulliksson Torsrud (kjøpte garden 1701)
  • Mikjel Timannsson (død 1743; son av forrige eigar, overtok 1721)
  • Gudbrand Olsson (død seinast 1755; kjøpte hovudbølet, var leiglending på Rustøe som no vart utskilt)
  • Mikjel Mikjelsson Bøen (død 1756; son av forrige eigar, overtok 1755)
  • Dorte Mikjelsdotter Bøen (mor til forrige eigar, overtok 1759 og hadde arva Rustøe 1743)
  • Ola Knutson Framgarden (kjøpte Søre Lie i 1761)
  • Embrek Mikjelsson (son av Mikjel Timannsson og Dorte Mikkjelsdotter, kjøpte Rustøe i 1759)
  • Sjugurd Embreksson (son av forrige eigar av Rustøe, kjøpte Rustøe av mora Gjartrud Sjugurdsdotter 1808)

For brukarer, sjå artiklar om dei einskilde bruka der dette finst.

Frå matriklar og panteregister

Matrikkel 1647
Gammal matrikkel MN 172 med skyld 9/25-deler skinn og 3 og 3/5-deler merker smør
Matrikkel 1838 MN 1 med skyld 3 skylddaler 11 skilling
Matrikkel 1887
Areal og antall bruk 2009


Kjelder


Thore G. Aaberg, portrettert da han var førstelærer ved Lunden skole i Vang.

Thore G. Aaberg (født 5. april 1863 i Nord-Aurdal, død 5. mai 1948) var lærer og underoffiser.

Han vokste opp på garden Åberg i Nord-Aurdal, som sønn av Gudbrand Gudbrandsen og Sissel Andersdatter. Åberg var en mindre gard, som i 1865 fødde en hest og sju kuer. Thore Aaberg hadde flere eldre søsken.

Aaberg arbeidde rundt 1890 i Sør-Aurdal, men fikk i 1892 posten som lærer ved Kringsrud skoleBiri. Da Aaberg og familien bodde på skolestedet Kringsrud, ble hovedbygningen påbygd halvannen etasje, slik at første etasje ble lærerleilighet og annenetasjen skolesal. I 1901 flytta familien over Mjøsa til Vang ved Hamar, der Thore G. Aaberg ble ansatt som hovedlærer ved Lunden skole. Aaberg satt i stillinga til 1926, da Knut Hordvei overtok.

Han var gift med Ingrid Diserud (1859-1911), også hun fra Nord-Aurdal. De fikk sju barn. Av disse var det fem døtre, som alle ble født på Biri, mens det kom to gutter til verden da familien bodde i Vang. I likhet med faren ble både dattera Sigrid og sønnen Ingvar Aaberg lærere.

Ingrid Aaberg døde 5. januar 1911, 52 år gammal, og ble gravlagt i hjembygda Nord-Aurdal. Thore G. Aaberg levde som enkemann i 37 år, og døde 5. mai 1948. Gravstedet hans er på Nøtterøy kirkegård.

Kilder og litteratur