Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntuio) i Finland), òg skrive Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for sitt verk Grammatica Lapponica ( 1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntuio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors. Les mer …
Lom stavkyrkje. Presten og klokkaren her var kvasse motstandarar i målstriden rundt år 1900. Foto: Dag Bertelsen (1997)
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule. Les mer …
Martinus Høgåsen, sosialist i bunad, representerer ein hovudstreng i språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen, nemleg kombinasjonen av norskdom og sosialisme. Frå ei arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken
Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Som den fyrste kommunen aust for Langfjella innførte Lom landsmålet som skulemål alt i 1899. Grannebygda Skjåk kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet praktisk tala fullt gjennomført i distriktet før 1940.
Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.
Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene. Les mer …
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk er sterkt truga både i Noreg og i Sverige. Les mer …
|