Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen. Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.
Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.
Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979. Les mer …
Fyrste sida i protokollen for Jostedal bygdemagasin som fortel om skipinga i 1823-24
Jostedal bygdemagasin ( Justedals Bygdemagazin) var eit magasin skipa i 1824. Det eksisterte til 1895 då kapitalen gjekk inn i nyskipa Jostedal sparebank. Peder Pavels Aabel vart 13. april 1822 utnemnt til sokneprest i Jostedal prestegjeld, men byrja raskt å leita etter ein veg bort frå det vesle og fattige prestekallet. Alt året etter, 20. august 1823, vart han utnemnd til sokneprest i Sogndal. Aabel fekk då gjennomslag for framlegget sitt om at han skulle styra Jostedal prestegjeld frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om at korntilskotet frå dei andre kyrkjene i Sogn i tre år (19 ½ tønner årleg) skulle nyttast som grunnkapital i eit bygdemagasin. Les mer …
|