Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.
Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.
På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Les mer …
Rektangelkart 1888 - Utsnitt Hesnesøyene i Fjære Foto: www.kartverket.no
Hesnesøyene er to bebodde øyer utenfor Grimstad.
Hesnes lå tidligere i Fjære. I Geografisk leksikon [1] omtales Hesnesøyene som Kvaløy (0,2 km2) og Hesnesøy (0,6 km2). Omkring 1880 omtales "fortinlig havn" og losstasjon på Hesnesøy. Les mer …
Magnhild Hagelia, fra Stortingets bildegalleri.
Magnhild Hagelia (fødd 6. mai 1904, død 4. juli 1996) var Noregs fyrste kvinnelege lagtingspresident. Ho vaks opp i Gjerstad på garden Hagelia, ho var eldst av åtte sysken. Foreldra var småbrukar Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine («Mina») Pedersdatter Gryting (1881–1956). Ho hadde revisorkurs, gjekk på Treiders handelsskole og hadde eksamen i jordbruksbokføring. Magnhild Hagelia var ugift.
Ho blei valt inn i kommunestyret i Gjerstad for Arbeiderpartiet i 1945, men flytta kort tid etter valet. Seinare vart ho valt medlem i kommunestyret i Fjære 1947–1951, i Øyestad 1956–1959 og Grimstad 1971. Magnhild Hagelia satt på Stortinget i 16 år frå 1950 til 1965, då ho vart valt inn var ho den fyrste kvinna som blei valt på Stortinget frå Aust-Agder. I 1962 blei ho valt til visepresident i Lagtinget, og blei då den fyrste kvinna som leia et møte i nasjonalforsamlinga. Les mer …
|