St. Olafs kyrkje, óg kalla Engelskkyrkja, er ei anglikansk kyrkje i Balestrand. Ho vart reist i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje, men ho er reist med laft, ikke stavar.
Bakgrunnen for at det ligg ei engelsk kyrkje i Balestrand er stadens popularitet hjå engelske turistar på 1800-talet. Ei av dei var Margaret Sophia Green Kvikne (1850–1894), som var prestedotter og klatrepioner. Ho gifta seg i 1890 med Knut Kvikne, som var vert på Kviknes Hotel i Balestrand. Ho døydde der av tuberkulose i 1894, og på dødsleiet hadde ho røpa for mannen at ho hadde ein draum om å få ei engelsk kyrkje på staden. Knut æra dette ynskjet, og skilde ut ei tomt. To amerikanske kvinner ga store pengegåvar, og berre tre år etter Margaret Kviknes død kunne kyrkja innviast. Les mer …
Tjugum kyrkje. Foto: Per Olav Bøyum Tjugum kyrkje i 1960 Foto: Nasjonalbiblioteket
Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand, Sogndal kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.
Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden. Les mer …
Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67.
Balestrand lærerskole ( Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen. Les mer …
Kviknes Hotel i nyare tid. Foto: Commons-brukar Hesse1309
Kviknes Hotel ligg i Balestrand i Sogndal kommune. Hotellet skriv seg frå 1752, då bergensborgaren N.C. Gierløw fekk handels- og gjestgjevarløyve på Balholmen. Gierløw og etterkommarane hans åtte handelsstaden fram til 1811. Deretter følgde femti års tid med eigarar som nærast kom og gjekk. Over hundre år etter grunnlegginga, i 1877, overtok Ole Andersson Kvikne, og med han fekk hotellet dagens namn.Nicolai Christian Gierløw fekk i 1752 løyve til å drive som handelsmann og gjestgjevar på Balholmen. Somme år tidlegare, i 1743, hadde han inngått ekteskap med Karen Holm. Ho var enkje etter handelsmannen Niels Eriksen Falch i Feios.
Då Nicolai Gierløw rundt 1770 vart lensmann, overlét han handelen til stesonen Giert Nielsen Falch. Falch var gift med Zithone Samuelsdotter. Då Falch vart gammal, overlét han handelen til svigersonen Jon Bjørnsson frå garden Gjerde, som var gift med Marie Giertsdatter Falch. Frå overtakinga i 1803, dreiv Jon fram til 1811. Då selde han handelsstaden til bergensborgaren J.N. Thee, og dermed var det over etter 59 år og tre generasjonar i same slekta. Les mer …
Fotograf Nils O. Reppen (1856-1925). Foto: Ukjend. Nils Olsen Reppen (født 1856 i Sogndal, død 1925) var fotograf.
Han blei født på garden Reppen i Sogndal. Gift første gong med Synneva Pedersdotter (1857-1931), og andre gong i 1906 med Eli Jonsdotter Elvagjeng (1878-1945). Reppen emigrerte til USA for første gongen 13. juni 1882. Han jobba som fotograf i Browns Valley, Minnesota i 1880-åra. Eit udatert visittkortportrett med firmaadresse Morris, Minnesota er også kjend.
Reppen returnerte til Norge, uvisst når, for så å emigrere til USA att den 13. september 1895. I 1898 overtok Reppen det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra, og ved folketeljinga i 1900 er han registrert som fotograf busett i tårnhuset. Han er ført som fråskilt, med ei dotter i huset. Les mer …
|