Forside:Stjørdalen

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherred • Namdalen
Tydal • Selbu • Meråker • Stjørdal

Om Stjørdalen
Stjørdalen i Trøndelag fylke er eit dalføre og eit distrikt kring det søraustlige hjørnet av Trondheimsfjorden. Sjølve dalen går frå Storlien rett over grensa til Åre kommune i Sverige og gjennom Meråker kommune og Stjørdal kommune til han renn ut i Trondheimsfjorden ved Hell. Via Leksdalen og Tømmerdalen er det samband til Selbu kommune og Tydal kommune i Neadalen, og desse kommunane blir tradisjonelt òg rekna til Stjørdalsdistriktet. Distriktet svarer i hovudtrekk til Stiǫrdǿlafylki i Uttrøndelag i norrøn tid.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Lagets logo.
Lånke historielag er et av fire historielag i Stjørdal kommune, og har arbeidsområde innenfor kommunegrensene av gamle Lånke kommune. Laget ble stiftet 19. april 1977, og det første styret besto av Magnar Rønning som leder, og Jo Sætre, Tormod Aune, Kari Iversen og Sivert Gulaker som styremedlemmer. Historielaget «har som formål å verne om fortidsminner, historiske byggverk og innretninger innen gamle Lånke herred. Det skal arbeides for større forståelse av den gamle bygdekulturen, slik at folk bedre kan ta vare på og verne om gamle innretninger, redskap og ting som ennå finnes kring heimene».   Les mer …

Belle Gunness med dei tre borna hennar, to med Mads Sorenson og yngstemann med Peter Gunness. Biletet vert gjerne datert kring 1908, men yngstemann vart fødd i 1903, og var kanskje noko yngre enn fem år her.
Foto: Ukjend.
Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.

Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde mannen allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.

Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.

Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han å leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravne liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonsar i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom.   Les mer …

Georg Ulrich Wasmuth. Ukjent kunstnar
Georg Ulrich Wasmuth (fødd i Kristiansund 19. mars 1788, død på Ytterøya 16. oktober 1814) var offiser og eidsvollsmann. Foreldra var kjøpmann Christian Fredrik Wasmuth og Johanne Susanne Holck. Familien tilhøyrde eliten av borgarskapet i Kristiansund. Dei hadde i ein herskapeleg bustad på Innlandet, som kjøpmann Wasmuth hadde bygd kring år 1800. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, foreldre med to søner og tre døtrer. Men firmaet gjekk konkurs i 1804. Den unge Georg Ulrich var da under utdanning ved Krigsskolen. Han byrja i teneste som korporal ved Nordafjelske skiløperbataljon, truleg i 1804, medan han framleis var kadett. Frå 1805 var han offiser og tilsett som fenrik ved 1. Trondhjemske infanteriregiment, 1. gevorbne grernaderkompani.   Les mer …

Lars Fløan
Lars Johansen Fløan (født 29. juli 1900Skatval i Nord-Trøndelag, død 9. juni 1977) var gårdbruker og politiker (B). Han var sønn av gårdbruker Johan L. Fløan den eldre og hustru Gusta Oline Røkke. Han giftet seg i 1934 med Ingeborg Amalie Fiskvik, og de fikk fire barn. Han gikk Mære landbruksskole og kjøpte gården Voll på Skatval i 1936. Han fikk skjøte på slektsgården Østre Fløan i 1946. Han var en betydelig leverandør av poteter og ble valgt til nestformann i styret i Stjørdal Potetmelfabrikk i 1945, fra 1961 til 1975 som styreformann. Fabrikken gikk inn i Trøndelag Potetindustrier i 1984. Han var også styremedlem i Potetmelfabrikkenes salgskontor. Han overdrog Østre Fløan til sin sønn Johan L. Fløan den yngre i 1971.Lars Fløan var medlem av Skatval kommunestyre for Bondepartiet 1938–1940 og 1952–1959.   Les mer …

Johan L. Fløan
Johan Larsen Fløan d.e. (født 6. januar 1859Skatval, død 21. juni 1945) var gårdbruker og lokalpolitiker (B). Johan L. Fløan drev hjemgården Fløan østreFløan til å bli et av Stjørdalens største mønsterbruk, og var også en betydelig skikkelse i lokalsamfunnet. Han var medlem av Nedre Stjørdal og Skatval herredsstyrer i tilsammen 44 år, og var i like mange år tillitsmann i sparebankene på de nevnte steder. Han var formann i skogutvalget, kretssykekassen og almenningsstyret, samt fiskerioppsynsmann, hypotektakstmann, og skjønnsmann ved remonteringen av Hærens kavaleri på Levanger   Les mer …

Foreningens første butikk, Charlottenlund.
Meråker Handelsforening ble stiftet 13. august 1906 ved at Mandfjeld grubearbeiderforening da besluttet å opprette et utsalg for varer, og allerede i oktober samme året var drifta i gang. I nyere tid fulgte laget opp og ble til Coop Meråker BA, men i 2006 møtte også fusjonsspøkelset opp i Fossestupet og tok med seg Byggmix, Best og det nye Prix-konseptet i Trondos.

Det var gruvekarer fra Mannfjellet som møttes i hagen hos Sigrid og Elias Tømmerås som først løftet ideen om å stifte en handelsforening. En komite bestående av Hans Blæstervold, Lars Aunet og stiger Wongraven ble valgt. De gikk ut og tegnet medlemmer blant gruvearbeidere og bygdas øvrige innbyggere, og arbeidet skred fram. I det konstituerende møtet fikk grubearbeiderforeninga driften i gang fra 13. august 1906 ved at da ble lagets første styre valgt og konstituert. Olaf Tidemann ble første formann i styret.

  Les mer …
 


 
Kategorier for Stjørdalen
 
Andre artikler