Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Dei gamle husa som framleis står i Lisle-Hisdal. Bilete frå kommunearkivet.

Lisle-Hisdal er eitt av bruka i Hisdal i Bykle kommune. Den fyrste som rudde og bygde her var Knut Hallvardsson Stavenes. Han var frå Teigen Stavenes, son åt Hallvard Såvesson og kona, Åse Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Då Knut gifte seg i 1806 var han dreng i Trydal. Sidan budde han og kona eit bil i Holen, dinest nokre år i Trydal att, men kring 1814 fekk han bygsle Lisle-Hisdal hjå Hallvard Knutsson i Store-Hisdal, som åtte Trydal Der inne på denne tid, og sette i gang med plassrydjing. Seinast frå 1816 budde Knut og familien hans her.

  • Knut Hallvardsson Stavenes, f 1772, d 1852
g 1806 m Jorunn Kristensdtr. Hisdal, f 1780, d 1859   Les mer …

Dette er stoga i Der nede ein gong i 1960-åra. Diverre brann dette huset 6.10.2005, så her ser ikkje lenger såleis ut. Bilete frå Torjus Lunden på grannebruket.

Bureisingsbruket Myro Der nede i Bykle kommune, som ligg vestom Bjørnarågardane, ned mot Bjørnaråhylen, vart utskilt frå Der heime i 1921. Det er litt rart at det skulle verta kalla Nordigard i matrikkelen, ettersom det ligg sør for det hitt, jamgamle bureisingsbruket i Bjørnarå, som vert kalla Uppigard, men såleis er det. Til dagleg går likevel båe bruka under namnet Myro, Nordigard er Myro Der nede, Uppigard er Myro Der uppe, og dette virkar meir logisk.

Det var Hallvard Knutsson Skarberg og kona, Jorunn, fødd Haugen, som fekk kaupe denne parsellen av Der Heime. Seljaren var Tarjei, son åt Jorunn, som hadde overteke Der heime etter faren. Jorunn var enke etter Bjørgulv T. Bjørnarå då ho gifte seg med Hallvard i 1910. Hallvard var son åt Knut Ånundsson Skarberg, som på denne tid var brukar i Der heime, og kona, Torbjørg Hallvardsdotter, fødd Uppstad.   Les mer …

Vang 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vang i Bykle ligg i breidd med Berg på motsett side av vegen. Eigedomen vart utskilt frå bnr 11 i 1926, samstundes med Berg.

Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut J. Breive. Knut var oppvaksen i Breive Der inne. Mora var Margit Torbjørnsdotter Breive, faren heitte Jon Sigvaldsson Vå.

  • Knut Jonsson Breive, f 1889, d 1968
g 1924 m Margit Jonsdotter Byklum, f 1904, d 1988. Born:
  • Alv, f 1924, g m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åse, f 1926, busett Kristiansand, ug., d 1990
  • Margit, f 1929, g m Per Bolager, Sauherad, busett Kristiansand
Margit Jonsdotter var frå Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Foreldra hennes var Jon Knutsson Nesland på det bruket og kona, Åse Arnesdotter, fødd Byklum.   Les mer …

Bykle hotell i 1980-åra. Det kvite bygget på hitsida av vegen er hotellannekset. Ovanfor hotellet ser ein Samyrkelaget, slik det såg ut fyre brannen i 1986. Husa i framgrunnen er Lislestog. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.

Bykle hotell sto på tomta Solhaug i Bykle. Når det gjeld namnet her, fortel både den gamle gards- og ættesoga og folk i Bykle i dag, at hotelltomta heitte Solhaug. Men i matrikkelen les me at hotellet sto på ei tomt som heitte Solbakken (bnr 11). Solhaug var, etter same kjelda, namnet på forretningstomta ved sidan av hotellet (bnr 25). Det er berrsynt at det her på eitt eller anna nivå har gått fyre seg ei forveksling av namna på dei to grannetomtene, men her skal me i alle høve halde fast ved den innarbeidde namnebruken i bygda.

Hotellet låg like ovanfor kyrkja, rett nedanfor der Bykle Samyrkelag ligg i dag. Det var Thina Lund som kaupte denne tomta hjå Gunvor D. Mosdøl på Kultro i 1908, og fekk seg opp hus same året (skøyte vart skrive og tinglyst i 1910). Det Thina i utgangspunktet esla seg til å drive med var landhandel, men så vart altså kråmbua hennes sidan av uti hotell.

Thina var dotter åt lensmann Ole Juelsson Lund i Valle, og kona, Heloise Margrethe Johanne, fødd Sverdrup (jfr. Valle IV, 550). Etter at Thina hadde sett opp hus her, gifte ho seg med Ånund J. Bratteli.   Les mer …

Austistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Austistog er i dag den vestlegaste av Byklumgardane i Bykle kommune, men denne plasseringa er ei fylgje av utskiftinga i 1906-07. Fyre denne tid hadde det lege lengst aust i fellestunet i Tuptine.

Etter det me kom til i bolken om den udela garden var det den yngste av dei tre sønene åt Åsmund Kjetilsson som var den fyrste oppsitjaren på dette bruket. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i manntalet frå 1666.

  • Knut Åsmundsson Byklum, f ca 1601, d ca 1678
g (2.?) m Margit (?), n m.a. 1683, 1703. Born iallfall:
  • Tarjei, f ca 1632-38, g m Margit Øyulvsdtr. Sagneskar, sjå Utistog, bnr 2
  • (?) Gunnar, (ug?), n 1645, 1670, seinare lagnad ukj., sjå Vatnedalen, gnr 6
  • Torbjørn, n 1664, d ca 1711, g 1. m ukj., d ca 1660, g 2. m Margit Knutsdtr.(Vatnedalen ?), sjå Vatnedalen, gnr 6
  • Knut, f ca 1648, g m ukj, sjå nedanfor, jfr. Uppigard Hoslemo
  • dotter NN, g m Bjørgulv Knutsson (Rike ?)
  • dotter NN, g m Bjørgulv Sveinsson
  • dotter NN, g m em Bjørgulv Taraldsson (Viki ?)
Me veit ikkje visst kven kona var, men i koppskattelista frå 1645 står oppført «Knut og hans hustru», og sidan finn me to eller tre ektefødde søner og tre døtrer, og difor veit me sikkert at Knut var gift. Vidare veit me at han var død i 1678, men 5 år seinare dukkar det opp ei enke Margit jamsides Knut Knutsson på bruket. Me gjet på at dette har vore enka etter Knut Åsmundsson, men om dette er rett, har han truleg vore tvigift, ettersom Margit helst var ein god del yngre, ho livde framleis i 1703.   Les mer …

Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest