Forside:Karmøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Karmøy kommune
1149 Karmoy komm.png
Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland. Han grensar til Utsira kommune, Kvitsøy kommune, Bokn kommune, Tysvær kommune og Haugesund kommune, alle i Rogaland. Namnet deler kommunen med øya Karmøy, som utgjer mesteparten av kommunen, og kjem av norrønt Kǫrmt. Dette er sannsynlegvis ei avleiing av karmr, «den som danner karm», altså skydd mot havet. Karmøy kommune vart grunnlagt i 1965, ved ei samanslåing av Kopervik kommune, Skudeneshavn kommune, Skudenes kommune, Stangaland kommune og Åkra kommune, samt mesteparten av Torvastad kommune og Avaldsnes kommune.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Olava Bertine Håland, fra Våre falne.
Foto: Ukjent

Olava Bertine Håland f. Hauen (fødd 18. juli 1880 i Skudenes, død 28. november 1941 på Skudenesfjorden) var husmor. Ho var ei av de 33 som omkom då ruteskipet M/S «Vindafjord» vart senka av flybomber på Skudenesfjorden nord for Stavanger.

Olava Bertina, kalla «Lava», var dotter av Samuel Hauen (1848–1938) og Anna Serine Hauen (1852–1928).

I 1905 vart ho gift i USA med Børre Kristian Håland (1872–1959). Dei busette seg på heimstaden hans, bruket Håland i Kvitsøy kommune. Han hadde teke over det vesle bruket då faren vart sjuk. I 1905 var han på vitjing i USA, der han traff Lava i Sioux City. Den første dottera, Bertha Malene, vart fødd der i 1906. Dei fekk seks born til; yngstemann Peder Elin vart fødd i 1923. Det vesle våningshuset på Håland vart for lite for familien, og i 1925 bygde dei seg eit nytt hus der.   Les mer …

Skovveien i 1903, noen år før Mimi Hjortdahl Olsen flytta hit.

Wilhelmine Hjortdahl Olsen (født 1871, død 1941), ofte kalt Mimi, var lærer. Hun ble født i Kopervik.

I Kristiania underviste hun først ved Foss skole og siden ved Majorstuen skole. Mimi Hjortdahl-Olsen arbeida som lærer fram til 1929. Som mange yrkeskvinner bodde Mimi i mange år på pensjonat, men fra hun var i 30-åra var hun samboer med Honoria Dietrichson, en relasjon som varte livet ut.   Les mer …

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad.   Les mer …

Odd Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Odd Aarsand (fødd 28. mars 1888 på Årsand i Kvinnherad, død 24. juni 1971) var lærar og kyrkjesongar på Avaldsnes. Han var òg ordførar i bygda. Ei tid var han dessutan postopnar, og han sat som formann i ungdomslag og lærarlag.   Les mer …

Jens Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Jens Aarsand (fødd 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann. Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Gjertrud Grøtnes Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Gjertrud Grøtnes Aarsand (født 13. august 1893 i Hemne, Sør-Trøndelag, død 28. juli 1980) var lærerinne og poståpner. Hun bodde og virka lengst i KvalavågAvaldsnes, i nåværende Karmøy kommune. Hun deltok også i det kristelige ungdomsarbeidet og i søndagsskolearbeidet og var dessuten medlem av misjonskvinneforeninga og edruskapsnemnda. Aarsand var formann i husmorlaget i bygda. Hun var datter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Gjertrud Grøtnes gikk først Fredly ungdomsskole i Trondheim (1913) og tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1917.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Karmøy kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar