Aase Udberg (fødd 1919, død 21. februar 2004 i Årdal) var amatørfotograf og dataingeniør.
Ho var gift med Bjørn Udberg (1921–1955), som òg var amatørfotograf. Ho vart tidleg enke, då mannen i 1955 døydde i ei arbeidsulukke på Årdals verk der han var smelteverksmeister. Aase Udberg arbeidde også på smelteverket, der ho var dataingeniør. Etter at mannen døydde reiste ho mykje, og ho hadde ofte lysbildeforedrag om reisene i heimbygda. Det kunne vere artige samankoblingar, som då ho i 1971 stilte på Årdal pleieheim med eit foredrag om både påsken i Roma i 1970 og sommaren i Sogn. Les mer …
Torleiv Farnes, ukjent fotograf, hentet fra Anton Aure, Prestar som talar nynorsk, 1924.
Torleiv Farnes (født 12. desember 1866 i Årdal, død 16. september 1933) var prest og aktiv målmann og avholdsmann. I yngre år arbeidet han ved sjømannsmisjonen i Italia, og som sogneprest virket han blant annet i Stryn og i Strandebarm.Farnes var lærer ved Kristiania oppforstringshus 1893-94 og arbeidet ved sjømannsmisjonen i Genova i Italia 1894-98. Han var sekretær for Trondheim yngligeforening og vikar ved katedralskolen i Trondheim 1898-99.
I 1901 ble Torleiv Farnes konstituert som sogneprest i Lavik i Sogn, og i 1903-07 var han stiftskapellan i Kristiania bispedømme. Han var i samme periode hjelpesekretrær i Sjømenns kristelige forening og medarbeider i bladet «Signal».
Han var sogneprest i Stryn 1907-16 og i Strandebarm fra 1916 til han døde i 1933.
Farnes var aktiv i avholdsbevegelsen, og var storkapellan i Norges storlosje av IOGT. Han var også målmann. Les mer …
Det gamle skulehuset i Sperla står rett attmed hovudvegen gjennom Jostedalen.
Sperle skule er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem midt på 1800-talet. Krinsen vart på 1800-talet kalla Kirkerodens kreds eller Kirkekredsen. Han femnde om heimane mellom Fossøygjelet og Gardsgjelet, det vil seie frå og med Fossøyane (under på matrikkelgardane Fossen i sør, og nordover med alle heimar under Sperla, Åsen og Nedrelid. Krinsen grensa i sør mot Myklemyr krins og i nord mot Kreken krins. Les mer …
Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963. Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde. Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare. Les mer …
|