Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige. Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Pandjab i Pakistan og det nordvestlege India og Rajasthan i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type. Les mer …
Åsta Holth-museet vart opna i heimen hennar på Svullrya i 2004. Bysta utafor vart laga av Skule Waksvik i 1995. Foto: Siri Iversen (2018) Åsta Holth (fødd 13. februar 1904 på Svullrya, død 16. mars 1999 på Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.
Ho vaks opp på finnetorpet Sør-Revholt på Grue Finnskog som den nest yngste i ein stor syskenflokk. Det var trange kår, og som fjortenåring fekk ho sin første jobb som hushjelp. Det var hardt arbeid der klasseforskjellane mellom tenestefolk og arbeidsgjevarar var tydelege.
Det var som dramatiker ho byrja, med sitt første skodespel for amatørteater i 1929. Det hadde tittelen I Luråsen, og vart publisert av Noregs ungdomslag. Det kom fleire slike, men i dag er dette ein mindre kjend del av forfattarskapet. Frå 1935 levde ho dels av skrivinga, mellom anna ved å skrive noveller for ukeblad. Særleg i Arbeidermagasinet fekk ho inn ein del. Somme av dei var underteikna med Åsta Paavolainen, slekta sitt finske namn; andre med Åsta Holth etter torpet Sør-Revholt. Ho sa sjølv om skrivemåten: «Visst er Holth eit jålet namn, med den h'en hengt på. Men det var mote den gongen far min forkorta Revholt.».
Den første boka ho gav ut var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela.
Les mer …
Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking. Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk. Les mer …
|