Tryggheim bedehus, i Evje sentrum, vart vigsla i 1904, og er det eldste i Evje og Hornnes kommune
Bedehus i Evje og Hornnes. For femti år sidan var det på landsbasis om lag 2500
bedehus. Mange bedehus er på grunn av folkeflytting og mindre interesse for bedehusverksemda nedlagde. Det er uvisst kor mange bedehus som no er i aktivitet. Truleg er det bortimot 2000. I
Evje og Hornnes vart det i fyrste halvdel av
1900-talet reist fem bedehus. Dei er alle fortsatt i drift. I denne artikkelen vert det kort gjort greie for dei fem bedehusa, samstundes som aktiviteten på bedehusa vert sett inn i ein breiare samanheng.
Les mer …
Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.
Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i
1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men
Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I
1925 vart krinsen slått saman med
Kristiansand krets under namnet
Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av
Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I
1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten
1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.»
Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær.
Les mer …