Forside:Setesdal

(Omdirigert fra «Setesdal (forside)»)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Iveland • Valle

Om Setesdal
Valle frå Åmli.
Foto: Siri Johannessen
(2008)
Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærmast uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.

Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Bjørnarå Der heime 24.1.2006. Attanfor den gamle stoga skimtar ein det nye huset til Torgeir og Magnhild Bjørnarå frå 1980.
Foto: Aanund Olsnes

Bjørnarågardane ligg der elva frå Bjørnarådalen renn ut i Otra. Her utvidar elva seg til ein stor hyl, og svingar beint søretter. Gardane ligg på nordsida av hylen. Avstanden frå Bykle kyrkje langsetter riksvegen er om lag 10 km. Bjørnarå er den sørlegaste garden i Bykle, så granneeigedomane mot sør ligg i Valle.

Gardsnamnet er greitt nok: Bjørn er 'bjørn', å er 'å', og endinga -ar er ein gamalnorsk genitiv, så tydinga er altså 'elva åt bjørnen'.

Når det gjeld alderen på garden, har me ingen registrerte oldfunn å stø oss til, og gardsnamnet fortel berre at garden iallfall er eldre enn 1350. Om han i røynda er endå mykje eldre, som han godt kan vera, er då vanskeleg å ha noko avgjort meining om.

Fyrste venda ein finn staden nemnd er i bygningsskattelista for Akershus frå 1595, som fortel at Bjørnarå er ein «øydegard» i Bykle, men ikkje gjev opp namn på nokon som bur der. Den fyrste oppsitjaren me får vita namnet på dukkar opp i ei skatteliste frå 1610. Han kjem me attende til om litt.

Garden vart rekna som «øydegard» i skattelistene inntil 1627, då han rykte opp til «halvgard». Skylda på garden sto i 1624 i 2 1/2 hud, men vart i 1647 redusert til 1 1/2 hud (= 6 geiteskinn = 18 kalveskinn = 36 nottungar).   Les mer …

Austistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Austistog er i dag den vestlegaste av Byklumgardane i Bykle kommune, men denne plasseringa er ei fylgje av utskiftinga i 1906-07. Fyre denne tid hadde det lege lengst aust i fellestunet i Tuptine.

Etter det me kom til i bolken om den udela garden var det den yngste av dei tre sønene åt Åsmund Kjetilsson som var den fyrste oppsitjaren på dette bruket. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i manntalet frå 1666.

  • Knut Åsmundsson Byklum, f ca 1601, d ca 1678
g (2.?) m Margit (?), n m.a. 1683, 1703. Born iallfall:
  • Tarjei, f ca 1632-38, g m Margit Øyulvsdtr. Sagneskar, sjå Utistog, bnr 2
  • (?) Gunnar, (ug?), n 1645, 1670, seinare lagnad ukj., sjå Vatnedalen, gnr 6
  • Torbjørn, n 1664, d ca 1711, g 1. m ukj., d ca 1660, g 2. m Margit Knutsdtr.(Vatnedalen ?), sjå Vatnedalen, gnr 6
  • Knut, f ca 1648, g m ukj, sjå nedanfor, jfr. Uppigard Hoslemo
  • dotter NN, g m Bjørgulv Knutsson (Rike ?)
  • dotter NN, g m Bjørgulv Sveinsson
  • dotter NN, g m em Bjørgulv Taraldsson (Viki ?)
Me veit ikkje visst kven kona var, men i koppskattelista frå 1645 står oppført «Knut og hans hustru», og sidan finn me to eller tre ektefødde søner og tre døtrer, og difor veit me sikkert at Knut var gift. Vidare veit me at han var død i 1678, men 5 år seinare dukkar det opp ei enke Margit jamsides Knut Knutsson på bruket. Me gjet på at dette har vore enka etter Knut Åsmundsson, men om dette er rett, har han truleg vore tvigift, ettersom Margit helst var ein god del yngre, ho livde framleis i 1703.   Les mer …

Stoga i Hovden Der nede 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Der nede, Hovden der nede eller Der nor, er gardsnummer 1 blant Hovdengardane i Bykle kommune.
Rudkallen i Hovden het Lei’uv. Men Hovden var eldre gard enn Breivi; det kann ein sjå av det at Hovden hev næraste heidemarki. Breivingane laut heilt austom Hovde-eigni med sine støylar og slåttor.
Såleis står det å lesa i Gamalt or Sætesdal (II, 8), og tradisjonen har tvillaust rett i at dette er mykje gamal busetnad. Eldre enn Breive er han nok likevel ikkje, for der kan arkeologane melde om jordbruk så tidleg som frå 500-talet. Men frå Hovden fortel dei om jernvinne attende til 800-talet, og ettersom denne aktiviteten tykkjest ha vore driven på heilårsbasis, skal me altså rekne med fast busetnad frå vikingtida og frametter. Resonnementet om at den garden som hadde dei næraste heiane lyt vera den eldste, fyreset at hei- og fjellstrekningar ikkje kan ha skift eigar i eldre tid, men den fyresetnaden er nok ustø. Eit stykke ut i gardssoga finn me også ein Leidulv, som budde her, men nokon rudkall var den mannen ikkje.   Les mer …

Utistoga (Flaten) 5. august 2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Utistoga eller Flaten er bruksnummer 6 på Breive i Bykle kommune.

Gyrid Torbjørnsdotter og Knut Monsson i Der sø åtte ei samla skyld på tre kalveskinn. I 1814 overdrog dei den eine halvparten av eigedomen sin, det var Der sø, til eldstesonen Knut Knutsson, og sidan sat dei med Utistoga til dei i 1828 tok foddog og overdrog bruket her til den neste sonen i rekkja.Margit B. Breive var frå Gunvaldjord i Haukeli, dotter åt Bjørgulv Jonsson Ormekvålen på den garden og kona, Åsne Haraldsdotter, fødd Kili.

Yngstesonen Torbjørn gifte seg i 1877 med Magnhild, yngste dotter åt den kjende rosemålaren Aslak Ånundsson Vasshus, som måla i Bykle kyrkje i 1826. Aslak var frå Rauland, men budde på ein plass under Haugåsmo i Grungedal, som dei kalla Lunelii. Magnhild var fødd der i 1848, to månader etter at faren døydde. Ho vaks opp med mora og syskena på ein annan plass i Grungedal som heitte Neset. «Det var so vene og snjaale nokre born. Skøyarar var dei nok, dei kalla deim Nesa-revine», skriv Rikard Berge (Vinje og Rauland IV, 326).   Les mer …

Kyrkjebygdi i 1948.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket
Bykle er ein tettstad og administrasjonssenter i Bykle kommune. Staden kallast óg Bykle kyrkjebygd eller berre Kyrkjebygdi etter Bykle gamle kyrkje som har stått i sentrum av bygda sidan 1600-talet. I 2004 tok Bykle kyrkje rett ved sida av gamlekyrkja over som soknekyrkje for Bykle sokn. Det er noko over 200 innbyggjarar i tettstaden (2012).

Stadnamnet kjem frå garden Byklum, som i sin tur har det frå vatnet Bykil. Tydinga er ikkje heilt liketil, og er drøfta nærare i artikkelen om garden.

Bygda ligg på delar av eigedomane til tre matrikkelgardar: Den allereie nemnde Byklum, Mosdøl og Gjerden.   Les mer …

Inngangen til museets kontorer.
Foto: Siri Johannessen

Setesdalsmuseet er ein samanslutning av museum i Setesdal i Agder, i kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Agder Folkemusikkarkiv er samlokalisert med Setesdalsmuseet, som har administrasjonen på Rysstad.

Samlingane omfatta per 31. desember 2007 ikring 30 000 gjenstandar, 6400 mineralprøver og tett på 53 000 foto. Dei fleste av samlingane har fokus på den lokale bondekulturen. I hovudutstillinga i Rysstad finn ein fire permanente utstillingar: ei om kraftproduksjon som er ei viktig inntektskjelde for Setesdalskommunane; «So gjekk me kledde i Råbyggjelaget» som viser drakter og kultur i frå Bykle til Iveland og Vegusdal; diktaren Hans Henrik Holm si diktarstoge som ho var i loftsleilegheita i Karl Johans gate i Oslo; og samlinga til Jon O. Løyland og Gyro Løyland. Dagleg leiar for museet er Anna Stella Karlsdottir.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Setesdal
 
Andre artiklar