Statens vegvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Vegdirektoratet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kumlokk med Statens vegvesen sin logo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012).

Statens vegvesen er ein statleg etat, med ansvar for bygging og vedlikehald av riksvegar og fylkesvegar, og for tilsyn med kjørety og trafikantar. Etaten vart oppretta i 1864. I 1995 vart Biltilsynet slått saman med Vegvesenet. Etaten ligg under Samferdsdelsdepartementet, men regionvegkontora ligg under fylkeskommunane når det gjeld fylkesvegar.

Tidlegare bygde Statens vegvesen sjølv vegar, men i 2003 vart produksjonsverksemda skilt ut i det statlege aksjeselskapet Mesta. I 2016 vart òg ansvaret for utbygging og drift av ein del motorvegar overført til det statlege aksjeselskapet Nye Veier.

Det var ved slutten av 2015 7585 tilsette i Vegvesenet, fordelt på 7313 årsverk.

Historie

Før Statens vegvesen vart oppretta i 1864, låg ansvaret for vegane under juristane i Justisdepartementet. Fredrik Stang oppretta i 1846 ei stilling som vegassisten under Indredepartementet for å få betre fagkunnskap om vegbygging inn på regjeringskontora. Ingeniørkaptein H.K. Finne fekk denne stillinga, og vart i 1862 etterfølgd av ingeniøroffiser Christian Vilhelm Bergh. Det vart då oppretta et vegingeniørkontor i Indredepertementet. I 1864 vart dette så til eit vegdirektorat, med Bergh som første vegdirektør.

Frå 1885 til 1944 låg direktoratet under Arbeidsdepartementet. 1944–1945 var det under Trafikkdepartementet, og frå 1946 under Samferdselsdepartementet.

Under andre verdskrigen samarbeidde Vegvesenet med den tyske okkupasjonsmakta. Dette førte til ei styrking av det norske vegnettet, men òg til at etaten vart innblanda i bruk av krigsfanger som tvangsarbeidarar. Dei jobba under særs dårlege tilhøve, og mange døydde. Vegdirektør Andreas Baalsrud skulle ha gått av då han fylte 70 i 1942, men vart sittande i stillinga ut krigen. For å oppretthalde ein viss standard på vegane, og for å reparere skadane etter felttoget i 1940, måtte han samarbeidde tett med tyskarane. Dei rekna Vegvesenet og vegdirektøren som særs samarbeidsviljuge. På tross av dette vart ikkje etaten eller Baalsrud granska etter krigen. Truleg skuldast dette at Londonregjeringa hadde kome til at det var særs viktig å halde vegnettet i stand, og at det ville vere verre for landet om ein nazist vart sett inn i stillinga; Baalsrud var ikkje medlem av Nasjonal Samling.

Organisering

Hans Hagerup Krag (1829–1907) var vegdirektør frå 1874 til 1903.
Foto: Carl Christian Wischmann (omkr. 1870).

Den sentrale administasjonen, med ansvar for riksvegane, kallast Vegdirektoratet. Hovudkontoret ligg i Brynsengfaret 6A på Bryn i Oslo.

Statens vegvesen har fem regionale hovudkontor:

I tillegg har dei 72 trafikkstasjonar (per 2018) som tidlegare låg under Biltilsynet, og fem vegtrafikkstasjonar. Dei har òg ansvaret for Norsk vegmuseum og Norsk fjellsprengningsmuseum ved Hunderfossen. Sjå tabell over trafikkstasjonane under.

Etaten er leia av ein vegdirektør. Dei som har hatt denne stillinga er:

Trafikkstasjonar

Tabellen er sortert geografisk etter fylke, og alfabetisk innafor kvart fylke. Trykk i øvste rad for å sortere etter andre felt. Oversikten viser tilstanden per januar 2018.

Stasjon Fylke Kommune Merknader Bilde
Hafslund trafikkstasjon Østfold Sarpsborg
Mysen trafikkstasjon Østfold Eidsberg
Billingstad trafikkstasjon Akershus Asker
Drøbak trafikkstasjon Akershus Frogn
Jessheim trafikkstasjon Akershus Ullensaker
Lillestrøm trafikkstasjon Akershus Skedsmo
Risløkka trafikkstasjon Oslo Oslo
Elverum trafikkstasjon Hedmark Elverum
Hamar trafikkstasjon Hedmark Hamar
Kongsvinger trafikkstasjon Hedmark Kongsvinger
Tynset trafikkstasjon Hedmark Tynset
Fagernes trafikkstasjon Oppland Nord-Aurdal
Gjøvik trafikkstasjon Oppland Gjøvik
Lillehammer trafikkstasjon Oppland Lillehammer
Otta trafikkstasjon Oppland Sel
Drammen trafikkstasjon Buskerud Drammen
Gol trafikkstasjon Buskerud Gol
Hønefoss trafikkstasjon Buskerud Ringerike
Kongsberg trafikkstasjon Buskerud Kongsberg
Larvik trafikkstasjon Vestfold Larvik
Tønsberg trafikkstasjon Vestfold Tønsberg
Notodden trafikkstasjon Telemark Notodden
Rjukan trafikkstasjon Telemark Tinn
Skien trafikkstasjon Telemark Skien
Arendal trafikkstasjon Aust-Agder Arendal
Setesdal trafikkstasjon Aust-Agder Evje og Hornnes
Flekkefjord trafikkstasjon Vest-Agder Flekkefjord
Kristiansand trafikkstasjon Vest-Agder Kristiansand
Mandal trafikkstasjon Vest-Agder Mandal
Egersund trafikkstasjon Rogaland Eigersund
Haugesund trafikkstasjon Rogaland Haugesund
Sauda kundesenter Rogaland Sauda
Stavanger trafikkstasjon Rogaland Stavanger
Bergen trafikkstasjon - Førarkort Hordaland Bergen
Bergen trafikkstasjon - Køyretøy Hordaland Bergen
Odda trafikkstasjon Hordaland Odda
Stord trafikkstasjon Hordaland Stord
Førde trafikkstasjon Sogn og Fjordane Førde
Nordfjordeid trafikkstasjon Sogn og Fjordane Eid
Sogndal trafikkstasjon Sogn og Fjordane Sogndal
Kristiansund trafikkstasjon Møre og Romsdal Kristiansund
Molde trafikkstasjon Møre og Romsdal Molde
Sunndalsøra trafikkstasjon Møre og Romsdal Sunndal
Ålesund trafikkstasjon Møre og Romsdal Ålesund
Brekstad trafikkstasjon Trøndelag Ørland
Levanger servicekontor Trøndelag Levanger
Namsos trafikkstasjon Trøndelag Namsos
Oppdal trafikkstasjon Trøndelag Oppdal
Orkdal trafikkstasjon Trøndelag Orkdal
Røros trafikkstasjon Trøndelag Røros
Steinkjer trafikkstasjon Trøndelag Steinkjer
Stjørdal trafikkstasjon Trøndelag Stjørdal
Bodø trafikkstasjon Nordland Bodø
Brønnøysund trafikkstasjon Nordland Brønnøy
Fauske trafikkstasjon Nordland Fauske
Leknes servicekontor Nordland Vestvågøy
Mo i Rana trafikkstasjon Nordland Rana
Mosjøen servicekontor Nordland Vefsn Vegvesenet Oeya i Mosjoeen.jpg
Narvik trafikkstasjon Nordland Narvik
Sandnessjøen servicekontor Nordland Alstahaug
Sortland trafikkstasjon Nordland Sortland
Svolvær servicekontor Nordland Vågan
Finnsnes trafikkstasjon Troms Lenvik
Harstad trafikkstasjon Troms Harstad
Storslett trafikkstasjon Troms Nordreisa
Tromsø trafikkstasjon Troms Tromsø
Alta trafikkstasjon Finnmark Alta
Hammerfest trafikkstasjon Finnmark Hammerfest
Kirkenes trafikkstasjon Finnmark Sør-Varanger
Lakselv trafikkstasjon Finnmark Porsanger

Litteratur og kilder