| Om Heimar og folk i Bykle
|
Heimar og folk i Bykle, band I.
Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.
Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden,
Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.
Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes. Les meir ...
|
|
|
| Smakebitar frå artiklar
|
Trydal Der inne 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Der inne i Trydal i Bykle kommune ligg på nordsida av Trydalstjønni mellom Nordstog Trydal og Systog, men er utan tvil utkløyvd frå Nordstog.
Den fyrste me kan vita sat her er Såve Ånundsson, son åt Ånund Ånundsson, som me har omtala i bolken om Nordstog. Me har kome til at bruket her må ha vorte utkløyvd for Såve etter at dei skifte etter Eivind Såvesson, godfar hans, i 1667.Jorunn, kona åt Såve, var dotter av Torleiv Olavsson og kona, Tone Gunnarsdotter i Utistog Stavenes. Jorunn og Såve skal ha vore tremenningar, korleis nå det nærare heng i hop, så dei laut løyse kongebrev for å få gifte seg.
I 1711 døydde Ånund Ånundsson, den ugifte bror åt Såve, som åtte Storstein. Såve overtok då bruket hans, og flutte dit, og overdrog eigedomen sin her til Torleiv Kjetilsson frå Nordstog. Etterkomarane åt Såve kom til å bu i Storstein, og vert difor nærare omtala der.
Torleiv var den eldste av sønene åt Kjetil Arnesson i Nordstog og dermed den som sto nærast til å taka over det bruket. Men så hadde han gift seg i 1709, fyre faren tykte han var klar til å taka foddog, og så vart det til at Torleiv i staden for Nordstog overtok bruket her. Les mer …
Vang 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Vang i Bykle ligg i breidd med Berg på motsett side av vegen. Eigedomen vart utskilt frå bnr 11 i 1926, samstundes med Berg.
Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut J. Breive. Knut var oppvaksen i Breive Der inne. Mora var Margit Torbjørnsdotter Breive, faren heitte Jon Sigvaldsson Vå.
- Knut Jonsson Breive, f 1889, d 1968
- g 1924 m Margit Jonsdotter Byklum, f 1904, d 1988. Born:
- Alv, f 1924, g m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
- Åse, f 1926, busett Kristiansand, ug., d 1990
- Margit, f 1929, g m Per Bolager, Sauherad, busett Kristiansand
Margit Jonsdotter var frå Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Foreldra hennes var Jon Knutsson Nesland på det bruket og kona, Åse Arnesdotter, fødd Byklum. Les mer …
Tveitvodd 9.4.2003. Foto: Aanund Olsnes
Tveitvodd, som i utgangspunktet var berre ei hustuft med ein jordflekk innåt, ligg mellom den gamle og den nye riksvegen midt i Byklebygdi, like vestom og nedom kyrkja. Det kom til i 1886, då Mikkel Tarkjellsson Rygnestad på Sygard Nesland kaupte dette jordstykket av Gjermund Gunsteinsson i Uppistog. Kaupet vart ikkje tinglyst, men det er likevel sikkert nok at det har funne stad. Kjelda vår er lensmann Lund, som undersøkte eigartilhøva her i samband med ei rettssak i 1888.
Mikkel T. Rygnestad sette opp nokre gamle hus frå Nesland her, og sikta på å drive handel, noko han tidlegare hadde gjort både på Stigamoen og i Mosdøl. Men i staden vart det til at han dreiv gardsbruket sitt i Sygard Nesland, som han i 1885 hadde kaupt på auksjon i namnet åt sonen, Arne. Arne Mikkelsson på si side dreiv handel her i namnet åt faren. Meininga med denne skipnaden var truleg å sikre seg at dei fekk behalde garden, dersom handelsverksemda skulle gå over ende. Lensmann Lund tykte det var ei uryddig ordning, og kommenterte henne som fylgjer:
| Hvorledes Forholdet er mellem Fader og Søn er ikke let at oplyse. Sønnen styrer Faderens Handel, og Faderen driver Sønnens Gaard. Jeg kan derfor ikke afgjøre paa hvem
Ansvaret for [...] Handelen paahviler.
|
|
|
Nå var det nok likevel ingen tvil om at det var Arne som hadde ansvaret for kråmbua. Etter det han sjølv opplyste i retten hadde han ei heilt sjølvstendig stilling som handelsstyrar. Det var han som tinga varene, selde dei att, og skreiv under på alle nødvendige papir. Når butikken sto i namnet åt faren, var det berre avdi det var han som hadde løyst handelsbrev, sa han. Les mer …
Nesland Der heime 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Der heime var hovudbølet på Nesland i Bykle kommune.
Ved jordebytet i 1682 (sjå bolken om den udela garden) tykkjest Gunnar Knutsson, som vart sitjande med det største bruket, ha vore ein mann i 70-årsalderen. Han hadde likevel nokså unge søner, går det fram av manntalet frå 1666, men sannsynlegvis var han to vender gift. Kva konene hans heitte, veit me ikkje.
- Gunnar Knutsson Nesland, f ca 1609-1613, d fyre 1683
- g 1. m ukj. Born, iallfall:
- Bjørgulv, f ca 1635, n 1664-1668, 1712, g m ukj., sjå Valle III, 628
- Olav, n 1683, g m Tore Jonsdotter, sjå nedanfor
- Vetle, f ca 1644, d ca 1720, ug, sjå Sygard, jfr nedanfor
- Tone, g m Torleiv Olavsson Stavenes (e.), sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
- g 2. m ukj. Born:
- Åsmund, f ca 1651, sjå Mosdøl
- Nottov, f ca 1653, n 1664, lagnad ukj.
- Knut, f ca 1654, ug., «død udi armod» fyre 1700, sjå Mosdøl
- Gunnulv, f ca 1659, sjå Mosdøl
Gunnar åtte i 1670 attåt Nesland Der heime også 1/2 hud i Mosdøl. Me reknar med at dette er forklaringa på at tre av sønene hans sidan budde der. Les mer …
Bjåen fjellstove og Bjåen-gardane. Biletet er truleg teke sumaren 1939. Gamalt prospektkort frå samlinga ved Setesdalsmuseet. Bjåen fjellstove - flyfoto frå ca 1970 ved Norrønafly. Her frå Jorunn Rosenberg Rysstad via Setesdalsmuseet.
Bjåen fjellstove ligg på austsida av Breivatn i Bykle kommune, på flaten under Buskarlii, og i det nordvestre hyrna av Breivassflotti. Tomta og teigen ikring som høyrde til, ligg på grunnen til den eigedomen, gnr 2, bnr 9, og har aldri vorte formelt utskilt eller matrikulert for seg sjølv. Sjølv om eigedomen vart utskild frå Hovden, er han nært knytt til Bjåen som er ein av Breivegardane.
Bakgrunnen for byggjinga av fjellstoga var at det i andre helvta av 1930-åra vart arbeidd med veganlegg frå Hovden til Haukeli. Når denne vegen vart ferdig, ville det vera køyrande med bil frå Vinje over Valle og alt til Kristiansand. Dette måtte ein vente ville føre turisttrafikk med seg, og det burde det gå an å gjera seg ei næring av. Omlag såleis har han nok tenkt, Aslak Såvesson Bjåen frå Nor i stoga, då han bestemte seg for å setje i gang med fjellstove innmed nyvegen. Det fyrste tiltaket hans på staden var å setje opp ei hytte, som han fekk under tak i 1937. Dei større bygga, sjølve fjellstoga og uthuset, laut vente til vegen vart ferdig året etter, for slike materialmengder var ikkje godt å draga fram med hest. Les mer …
Nordgarden 20.07.2005. Foto: Aanund Olsnes (2005) Nordgarden er den av gardane i Breive i Bykle kommune som ligg lengst vest, eller inst, om ein vil. At dette bruket, som er det tredje eldste, har fått bnr 1, kan tykkjast rart, men matrikkelnummera er ordna etter som mennene i matrikkelkommisjonen på 1830-talet fann det praktisk å rykkje fram i terrenget, og det var ikkje nødvendigvis i historisk rekkjefylgje.
Bruket her vart utkløyvd frå Der inne så seint som i 1787, i samband med skiftet etter Ingebjørg Salmundsdotter. Ingebjørg hadde vore kona åt Torbjørn Jonsson, som åtte 3 skinn i garden, dvs. halvparten. Buet skulda 100 dalar til Olav Nylend i Grungedal og vidare var det nokre smågjelder på i alt 23 dalar. Jon Torbjørnsson og systera Gyrid kom då til om at dei skulle dele eigedomen midt i to. Gyrid fekk Der inne mot å taka far sin i foddog, medan Jon fekk Nordgarden mot å taka på seg gjelda. Les mer …
|
|
|
| Sjå også:
|
|
|
|
|
| Eksterne ressursar
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|