Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgattaro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar. Les mer ...
Gressetbåten, òg kalla Gressetgeita, er ein honnfyring frå Gresset i Aure kommune på Nordmøre. Han er ein geitbåt av aurgjeldstypen og skil seg ut frå andre bevarte aurgjeldgeiter dels ved at han manglar nyare trekk lånt frå åfjordsbåten som vaterbord, skottdrigle og så vidare, og dels ved ein alderdommelig konstruksjon som inkluderer at alle borda er hogne og at framstamnen har ei karakteristisk, alderdommelig form. Da Gressetbåten vart oppdaga av fagfolk, trudde ein at dette var ein båt frå 1700-talet, men ein dendrologisk analyse har datert treverket i båten til 1853. Les mer …
Fjørmannsfar (jf. islandskfjögramannafar og færøyskfýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse (1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring. Les mer …
Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …