Forside:Sogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 23:13 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Aurland • Gulen • Hyllestad •Høyanger • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Vik • Årdal

Om Sogn
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Olaus Dahle, her med kona Brita utanfor Mundal Hotel i 1929, var den fyrste leiaren i laget.
Foto: Ukjend
Sogn lærarlag var eit krinslag i Norges lærerforening (seinare Norsk lærarlag). Laget vart skipa på eit lærarmøte i Balestrand 27. august 1896 og gjekk inn i Sogn og Fjordane lærarlag frå 1. januar 1967. Lærarane i Sogn hadde møttest jamleg sidan 1869, men det var fyrst etter skipinga av Norges lærerforening i 1892 at det kom i stand ei fastare fagforeiningsorganisering mellom lærarar utover i landet. Alt på skipingsmøtet i 1896 vart det vedteke mot berre 2 røyster at lovene for laget skulle skrivast på landsmål. Sogn lærarlag vart frå skipinga heilt sentral i målreisinga i Sogn. Det fyrste lærarmøtet i Sogn var i 1869, og det vart gjerne skipa til prostilærarmøte med nokre års mellomrom med Sogns lærerforening som tilskipar. Det var eit lærarmøte i Sogndal i 1872 og eitt i Skjolden i 1880 der målsaka vart drøfta.   Les mer …

Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned
Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn (Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: "Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder."   Les mer …

Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje.   Les mer …

Synnøve Finden (foran) fotografert sammen med partneren Pernille Holmen i deres hjem i Arilds vei 1 på Kjelsås i Aker. Bildet er sannsynligvis tatt på 1930-tallet.
Foto: Esther Langberg/Oslo Museum.

Synnøve Finden (født 7. desember 1883 på gården Finden i Vik kommune i Sogn og Fjordane, død 6. januar 1957 i Oslo) var meierske, grunnlegger av meieribedriften som fortsatt bærer hennes navn.

  Les mer …

Anders Andersson Haugen (døypt 11. juni 1809 i Jostedalen, død 29. mai 1882 i Ørskog) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter. Anders gifte seg 12. juni 1835 med Mari Tøgersdotter (1810-1888) frå Kruna. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Tøger Larsson Kruna. Syskena til Anders og Mari, Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter, vart òg gifte med kvarandre. Anders fekk skøyte på hovudbruket på Haugen 19. oktober 1836, men han og Mari dreiv ikkje garden lenger enn til 1853. Anders selde då garden til Halvor Sjurson Haugen, og Anders og Mari flytte til ØrskogSunnmøre og året etter vidare til Grytten.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum.
Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld. 1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sogn
 
Andre artiklar