Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Skilt i glasdisken i Seven–eleven ved krysset mellom Munkegata og Dronningens gate i Trondheim: «Kakskiv» (‘brødskive’).
Foto: Olve Utne
(2009)
Trønder eller trøndermål, òg kalla trønderdialekt, trøndsk eller trøndersk, er ei av hovudgruppene av norske dialektar. Trøndermåla blir tradisjonelt snakka i heile Trøndelag fylke og på Nordmøre; og i tillegg i Bindal kommune i Nordland; i Frostviken og Herjedalen i Sverige; samt i Elgå og Kvikne i Nord-Østerdalen. Strukturelt er trøndermåla særprega av tjukk l, jamvekt og varierande grad av apokope. Alle desse trekka er felles med norrländska (inkludert jamska) i Sverige og austsvenske mål på vestkysten av Finland og i Estland. Innanfor Norge er trøndermåla strukturelt sett mest i slekt med austlandsmåla og ordgeografisk sett vel så nært i slekt med nordnorsk.   Les mer …

Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Prest, klokkar og bondemann under ei gravferd ved Skjåk kyrkje i 1920-åra. Sokneprest Harald Bakke og lærar og kyrkjesongar Kolbein Skaare var framståande talsmenn for kvar si side i språkstriden, som dei var det politisk. Presten var bondepartimann, klokkaren Venstre/Radikale folkeparti. Bygdekaren i midten veit visst ikkje riktig kven han skal halde med.
Foto: Kristian Stakston
Språkskiftet til nynorsk i Skjåk gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til språkskifte også i dei andre skulekrinsane, i kommuneadministrasjonen og i kyrkja i løpet av tidsrommet 1925-1933. Hardaste striden stod under den andre etappen. Det toppa seg med skuleavrøystingane i Marlo, Holmork og Nordberg i 1925. Da ytra kampen seg så vel ved utfall mot landsmåltilhengarar frå preikestolen som med engasjement frå sentralleiinga i Norges kommunistiske parti. Det kan stillast spørsmål om ikkje nynorskvedtaka skjedde i strid med folkeviljen på det tidspunktet. Etter vedtak om nynorsk liturgi i 1932-1933 ebba striden etter kvart ut. Etter den tid har Skjåk vore nynorskkommune all sin dag.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk.
Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde. Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier
 
Andre artiklar