Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige. Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Pandjab i Pakistan og det nordvestlege India og Rajasthan i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type. Les mer …
Rodi er eit språk som tradisjonelt har vore bruka av den undergruppa av romanifolket som tradisjonelt er basert langs kysten av Noreg (småvandriar, fantar) og som ofte reiser hovudsakleg lokalt. Rodi viser færre fellestrekk med romanés enn det austlandske og vestsvenske rommani gjer, men viser til attergjeld meir slektskap med jenisch — som da òg har vore føreslege som det språklege opphavet åt rodi. Strukturelt ligg rodi nærmare norsk enn rommani gjer, men rodi skil seg likevel ut som eit eige språk i større grad enn fallet er med språkforma månsing. Av trekk som understreker rolla rodi har spela som løynspråk kan nemnast at talorda frå éin til ti gjerne har vore bytte ut med samiske former. I praksis utgjer språka rodi og rommani eit dialektkontinuum; Eilert Sundt si oppsummering av «Skøiersproget» (rodi) tek slik utgangspunkt i dei ordformene som er mest ulike rommani, mens Gjest Baardsen si skildring av «Skøiersproget» ligg svært tett opp til rommani med unntak av pronomena og ein del andre ord. Les mer …
Romanifolk (òg bl.a. kalla reisande) er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige.
Det nomadiske levesettet og ein kultur som for mange verkar framand har ført til at romanifolk gjennom tida ofte har vorte utsett for overgrep av forskjellege slag, alt frå å verte jaga frå bygda til at barn vart tekne frå foreldra og tvangssterilisering. Les mer …
|