Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir. Les mer …
Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mykje felles med trøndsk, nordaustlandsk og sørleg nordnorsk i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar ( hęstaņņ, skåłiņņ); og dessutan i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord ( fíre tause, fęmm víso). I ordskatten heng romsdaling i alt vesentleg saman med trøndsk. Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e ( å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene ( vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)). Frå nabodialekten nordmøring skil romsdaling seg særleg ut ved hyppig svekking av -a (og stundom -o) til -e, ved lange former i historiske -ja-infinitivar og ved fleire regelrette presensformer ( gjęng, stęnn) der nordmøring (og eikesdaling og moldedialekt) har nyare former ( går, står). Les mer …
Lom stavkyrkje. Presten og klokkaren her var kvasse motstandarar i målstriden rundt år 1900. Foto: Dag Bertelsen (1997)
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule. Les mer …
Eivind Berggrav, Østlandsk reisnings fyrste formann (ukjend fotograf). Østlandsk reisning var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som sidan har vore kjend som samnorsk. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka.
1920-åra har vore rekna som ein stille periode i språkhistoria, men etter språkforskaren Ernst Håkon Jahr er dette ei mistyding. I tiåret etter fyrste verdskrig vart mange av dei språkpolitiske slaga utkjempa i kommunane, på lokalplanet, og fekk derfor ikkje merksemd i den riksdekkjande pressa. Østlandsk reisning var innblanda i mange lokale språkkampar på Austlandet, som talsmenn for dei som ønskte ei meir talemålsnær rettskriving. Les mer …
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.
Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/ kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk har òg somme morsmålstalarar i Norge, og revitaliseringsarbeid er i gang. Skoltesamisk og umesamisk er lokalt utdøydd som morsmål i Norge, men revitalisering er aktuelt. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige. I Finland har nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk morsmålstalarar. Les mer …
|