Fiskarstrand Verft AS er eit aksjeselskap og skipsverft i Fiskerstrand i Sula kommune i Møre og Romsdal. Verftet byggjer nybygg men tar også reparasjonar, særleg av ferjer og fiskebåtar. Tørrdokka kan ta fartøy opp mot 150 meters lengd. Verftet samarbeider med det litauiske Western Shipyard, og dei to verfta eig 50 % kver i fellesføretaket Fiskerstrand BLRT AS.
Verftet blei grunnlagt av Peder E. Fiskerstrand i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted. Les mer …
Langevåg i 1937
Foto: Illustrasjon hentet fra boken "Borgund kommune, 1837-1937"
Langevåg er ein tettstad og kommunesenter i Sula kommune; staden ligg heilt nord på øya Sula. Tettstaden Langevåg har omlag 5 000 innbyggjarar. Amtmannsgarden Molvær var ein storgard like vest for Langevåg. Garden var på 1700-talet hovudsete for familiane Lilljenskiold og Solgaard, som var amtmenn på Sunnmøre. I 1940 byrja arbeidet med Langevåg kyrkje, men på grunn av den andre verdskrigen stod ho ikkje ferdig før i 1948. Les mer …