Harry Arntzen som rallar på museumskveld ved Vennesla museum Foto: Reidar Kollstad
Harry Arntzen (født 29. juli 1927 i Vennesla, død 16. februar 2009) vokste opp i Vennesla, som den femte av åtte søsken. Han utdannet seg til baker og reiste til sjøs i 1946 som kokk. Senere som anleggsarbeider var han bl.a. med å bygge Hallandsbrua i Vennesla. I 1957 fikk han jobb på Hunsfos fabrikker, og var maskinfører der i mange år. Han fikk Norges Vels medalje for lang og tro tjeneste der i 1987. Les mer …
Stasjonsbygningen i 2014 Foto: Siri Johannessen Røyknes stasjon på Setesdalsbanen ble åpnet som stoppested ved den midlertidige driften i 1895, men hadde status som stasjon omtrent mellom 1920 og 1950. Stasjonen ligger i Øvrebø, Vennesla kommune.
Ut fra sin status som stoppested fikk Røyknes fra starten i 1895 kun et uværsskur lik de som sto på Hornesund, Syrtveit og Strai holdeplasser, alle tegnet av arkitekt Paul Due. I 1912 fikk Røyknes ny bygning, lik Flaten på Arendalsbanen og Svenkerud på Bergensbanen. Denne var preget av jugendstilen, tegnet av Harald Kaas (f. 1868). Det kom også vanntårn, bu for baneavdelingen og tønnestavbuer. Røyknes stasjon og de andre tilhørende byggene ble revet kort tid etter nedleggelsen i 1962.
Røyknes stasjon ligger i Vennesla kommune, Vest-Agder fylke, 28,38 km fra Kristiansand. Les mer …
Truleg har Peder her fotografert kona si. Foto: Peder B. Frøysnes (ukjend) Peder Bårdsen Frøysnes (født 20. desember 1859 på Sandtveit i Hægeland, død 1. desember 1928) var omreisande fotograf. Bilete finst i Gamle Bergen Museum og på Setesdalsmuseet på Rysstad, sjå Knut Jonsson Heddis samling, truleg også andre stader.
Peder vart fødd på den vesle garden Vintermyran under Sandtveit i Hægeland (Vest-Agder), og foreldra Anne Katrine Ånonsdotter (f. Tjomsås, 1830–1891) og Bård Simonson (1824–1891) let guten døype 15. januar 1860. Han var den sjette av ein syskjenflokk på ni, fire brør og fem systre. Faren arbeidde som «lastehugger» og åtte den vesle garden. Han sette upp huset dei budde i, og dei hadde tre sauer. Ein gong mellom folketeljinga 1865 og 1869 vart bruket seld for 30 spd., og familien tok med hus og alt til Frøysneset. Der fortel folketeljinga 1875 at faren arbeidde som «fyrbøder ved dampskibet i Sætersdalen» ved sida av at han var husmann. I 1875 hadde Peder allereie reist heimanfrå.
6. juli 1893 vigde han med Gyro (skrive som Guro i folketeljingane), dotter til Torbjørg Olsdotter Helle (1842–1885) og Olav Bjørnson Uppstad (1834–1890) i Valle prestegjeld. Ho kom frå husmannsplassen Mo nede ved Otra i Hylestad (Setesdal). Peder er «fotografist, f.t. Kvæstad» i Valle. Frå Setesdal reiste dei over fjellet til Dalen, der han arbeidde som fotograf.
I folketeljinga 1900 bur han, Gyro og tri ungar på Tønsberg i Mo i Telemark, som no er ein del av Tokke kommune. Her budde familien frå 1898 til 1905. Ti år seinare er dei busett på Nystad i Mo, og kalla «Hyttebyen». Pe(r)der er «Husmand Veivogter» medan Guro tek seg av huset og driv kaffihandel. Seks ungar he dei fengje, yngstedottera Selma er berre 9 månader då teljinga fann stad. Les mer …
Portrett av Røstad ca 1920-1930 Foto: Narve Skarpmoen Gunnar Marthinius Røstad (født 27. oktober 1874 i Øvrebø, død 19. mars 1947 i Oslo) var ein felemakar frå Øvrebø i Vennesla, som gjennom mange år hadde verkstad i Oslo. Han var son av Anders Gundersen Horne og Tomine Elisabeth Andreasdotter. Den 6. desember 1874 blei han døypt i Øvrebø kyrkje. Navneforma som er skriven ned i kyrkjeboka er Gunder Marthinius, men han nytta seinare forma Gunnar.
Han lærte kunsten å bygge feler av mellom anna faren og bestefaren, og han gjekk i lære hos flere dyktige spelemenn og felemakarar, mellom anna og Leif Sandsdalen [1]. Røstad blir av mange rekna som den beste felemakaren på 1900-talet.
Røstad dro heimanfra som sekstenåring, og tok arbeid i Kristiansand - på mekanisk verkstad, på hotell og på asyl. Han gjekk underoffiserskulen i Kristiansand frå 1895, og blei politikonstabel. Felearbeid måtte gjerast på fritida [2]. Til slutt hamna han i Kristiania. I folketellinga 1900 finst han på adressa Wilses gate 8 med yrket politikonstabel. Han var då ugift. I Kristiania tok han arbeid mellom anna som vaktmeister på Norsk Folkemuseum og i Hagens sportsforretning i Kirkegata - der han blei sett til å lage utstyr til Roald Amundsen og til kongefamilien [3]. Les mer …
|