Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922. Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Les mer …
Onarheimskyrkja då ho stod nybygd i 1893.
Onarheim kyrkje i Tysnes kommune vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819, må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut. I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.
I det tidsrommet Onarheimsgildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage. Les mer …
Tingvoll kyrkje Foto: Arve Holmeide
Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nominativ/akkusativ) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (dativ)) på Tingvoll på Nordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærleiken ligg på eit sentralt plassert sted kalt Tenagelberget på nordsida av Tingvollvågen. Her fanst det tidlegare ei stavkyrkje bygd i tre som vart nedbrent under borgarkrigstida.
I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmøre, og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i denne kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er usikkert kvifor dei vart bygde. Les mer …
Eidsvoll kirke. Foto: Commonsbrukeren Mahlum
Eidsvoll kirke er en korskirke i Eidsvoll kommune på Øvre Romerike. Den ble reist omkring 1190, og er muligens landets eldste korskirke i stein. Det ble utført omfattende restaureringer i 1885 og 1965. Den har også vært skadet av brann og gjenoppbygget flere ganger.
Kirkestedet er muligens eldre enn kirken, for Olav Haraldsson skal ha gått til messe i «Eids kyrkju» i 1017. Funn av graver under kirken under arkeologiske utgravninger i 1964 og 1965, noen av dem under lag fra byggeprosessen, antyder at en eldre kirke kan ha stått på samme sted, kanskje der den vestre delen av skipet er nå, eller et sted på dagens kirkegård. Det ble også funnet 117 mynter under og ved kirken, de fleste av dem skandinaviske mynter fra middelalderen.
Les mer …
|