Forside:Telemarksarkivet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. feb. 2018 kl. 08:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Telemarksarkivet
Telemarksarkivet, logo
Foto: Telemarksarkivet.no

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar
Fabrikklokala til Tele Silkeveveri på Notodden. Fabrikken var oppført etter teikning av Frithjof Stoud Platou.
Foto: Grieg, Sigurd (red.), Norsk tekstil. 2, Oslo : Johan Grundt Tanum, 1950. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Tele Silkeveveri blei starta som eit aksjeselskap under namnet AS Tele Silkeveveri i 1936. Fabrikken låg i Bjørn Farmanns gate 3 på Notodden i Telemark og dreiv produksjon av vevde stoff til klesproduksjon.Initiativet til opprettinga av eit silkeveveri på Notodden blei tatt av direktør Olav Nilssen i 1936. Dette var same året som Kunstsilkefabrikken KUFA starta opp, og dei to verksemdene samarbeidde godt. På Notodden hadde Norsk Hydro nyleg flytta mykje av produksjonen sin til Herøya, og dei to tekstilfabrikkane var difor kjærkomne for byens arbeidarar.

Selskapet blei konstituert 9. oktober 1936, og i det fyrste styret sat ingeniør Karl Martens, direktør ved Tinfos H. B. Holta og Olav Nilssen. Ved oppstarten hadde selskapet ein aksjekapital på kr. 330 000,-. I 1958 bestod styret av Sam. Amundsen (formann), ingeniør Johan Bugge (sekretær), O. J. Skahjem og kjøpmann E. Etholm. John Gohli fungerte som dagleg leiar frå 1955.

Bygginga av fabrikken blei starta i 1936 og ferdigstilt våren 1937. Det var arkitekt Frithjof Stoud Platou som sørga for teikningane.[1] I mai blei dei fyrste vevstolane satt i drift. Maskinparken bestod frå byrjinga av 18 vevstolar. Mellom 1939 og 1942 blei det kjøpt inn 14 nye stolar, og i 1945 bestilte ein ytterlegare 20 samstundes med at fabrikkbygningen blei utvida og modernisert. Maskineriet blei seinare ombygd slik at vevstolane kunne køyrast meir automatisk. Ein skaffa seg også fire vevstolar utstyrt med jacquardmaskiner.   Les mer …

Bimøte der ein undersøker ei bikube.

Telemark Birøkterlag vart skipa i 1909. Frå byrjinga heitte laget Bratsberg Amts Biavlsforbund. Det var skreddarmeister Mathisen frå Langangen som gjorde opptaket til laget. Kring 1950 hadde laget 21 lokale birøktarlag i heile fylket. Laget administrerte birøkten i fylket og arbeidde for å stadig betre denne. Ein dreiv også formidlingsverksemd om næringa ved forskjellige stemne.

Telemark Birøkterlag fekk økonomisk støtte frå Telemark Landbruksselskap.   Les mer …

"Love for Selskapet Fyresdals Vel".
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.

16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa. 8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.

Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag.   Les mer …

Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.
Foto: Ukjend fotograf.

Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.

Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdene i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal.   Les mer …

Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset, var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes.
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren.   Les mer …

Annonse i Aftenposten.
Foto: Aftenposten 28. januar 1885. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Falkumelvens Iskompani ble startet i 1875. Iskompaniet skar isFalkumelva og oppbevarte isen i ishus som lå på Myren i Skien. Falkumelvens Iskompani ble etablert av brukseier Thorvald Schiøtt, stadsingeniør Richard Arnold og agent Robert Prizelius. Selskapet ble formelt registrert 21. januar 1875.

Før dette hadde Richard Arnold og Eduard Otto Jonassen inngått en avtale med Andreas Halvorsen Tvedten som var eier av Søndre Falkum i Eilert Sundts gate 40 om å leie elva langs gården. Leieprisen var 60 spesiedaler i året. Jonassen var allerede eier på begge sider av elven sør for Falkum-gården, og iskompaniet hadde derfor et stort område å hente isen fra.

Iskompaniet oppførte tre store ishus på Myren, i tillegg til et lagerhus på Gråten.   Les mer …
 
Sjå òg




 
Kategoriar for Telemarksarkivet
ingen underkategorier
 
Andre artiklar
 
  1. Grieg, 1950, s. 377