Forside:Mat- og drikkekultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Mat- og drikkekultur
Kjøttkaker på tradisjonelt vis.
Foto: Stig Rune Pedersen

Mat- og drikkekultur presenterer norske matretter og drikkevarer, samt tradisjoner og produsenter knyttet til disse. Dessuten nye mattradisjoner som er kommet til gjennom innvandring og nordmenns søken etter nye smaker og opplevelser. Her kan du altså finne utdrag fra, eller kanskje vi heller skal si smaksprøver på, artikler om alt fra barkebrød til samosa.   Les mer ...

 
Smakebiter
Jødekaker.
Foto: Olve Utne
(desember 2017)
Jødekaker (nynorsk/bokmål; dansk jødekager; svensk judekakor) eller jødebrød (svensk judebröd) er det vanlige namnet på ei gruppe småkaker med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honning og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkaker baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakene er òg at det er minimalt med væske i dei.   Les mer …

Skubbekvern frå Gile (Østre Toten). Illustrasjon henta frå boka "Bygdemøllene i Norge" av Johannes P. Skansen, 1958
NEG S1 Mortar til å støyte korn i er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Mortar til å støyte korn i. Utsendar var Rigmor Frimannslund og spørjelista er den fyrste som vart sendt ut i arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Samosa-kiosken som tidlegare låg på Vaterlandsbrua i Oslo.
Foto: Ida Tolgensbakk (2009).
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], panjabi ਸਮੋਸਾ [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøtfyll, særleg med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø. I samband med det sørasiatiske miljøet Oslo finst det mange gatekjøken og kioskar som sel samosa.   Les mer …

Interiør frå Jansens Bakeri og Konditori, ca. 1942.
Foto: Ukjend fotograf / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Magnus Jansens Bakeri og Konditori blei starta av Magnus Jansen i 1919. Bedrifta låg i Drangedal i Telemark.Magnus Jansen leigde frå byrjinga lokalar for å drive bakeriet. I 1921 kjøpte han nytt lokale og innreidde dette med to bakarovnar. I 1939 bygde han eit nytt bygg attmed det gamle der det vart baka kjeks og hardt brød. Grunnflata vart no 184 kvadratmeter. Seinare vart det installert elektrisk ovn for brødbaking i det nye bygget.

Bedrifta leverte varer til kjøpmenn i heile kommunen. I tillegg vart det solgt bakevarer i detalj frå eige utsal. Kjeksa vart levert til grossistar. Produksjonen var på om lag 900 brød og 100-150 kilo kjeks per dag på 1940-talet. Bakeriet sysselsatte fire bakersvenner og seks damer.

  Les mer …

Bondehandelsgården Brugata 3a i Oslo ble bygget på slutten av 1700-tallet. Bygningene i indre gård er opprinnelige. De er bygget i bindingsverk i to etasjer, og har svalganger. Den nyeste delen av dagens bebyggelse er bakbygningene i indre gård. Disse er verkstedsbygninger i mur fra 1923, og er planlagt revet. Dagens frontbygg ble bygd i 1862, og sidefløyer i mur ble lagt til i 1871.   Les mer …

Kleppfisk, kjøtside og skinnside.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Kleppfisk nynorsk eller klippfisk (nynorsk/bokmål) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men lange, brosme, hyse (kolje) og sei blir òg bruka. Kleppfisken er gjennomsalta, flattørka og pressa fisk og slik sett meir foredla enn tørrfisk, som ikkje er salta og blir hengt på hjell til tørking. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid er det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innandørs tørkeanlegg. Sist i 1680-åra slo den frisisk-ætta trondheimsborgaren Jappe Ippes seg ned ved Kråksundet i Aure kommuneNordmøre og begynte tilverking av kleppfisk i stor stil.   Les mer …
 
Se også


Kategorier for Mat- og drikkekultur
 
Andre artikler
 
Siste endringer for Mat- og drikkekultur

Flere endringer ...