Forside:Heimar og folk i Bykle

Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Hisdal med Haugen til høgre. Bilete frå Agderposten ein sumardag i 1990-åra, hit frå Geir Kallhovd, Kristiansand.

Der uppe ligg tun i tun med Store-Hisdal, bnr 2, på høgre sida når ein kjem inn i Hisdal. Det ligg litt høgre i terrenget, og har difor vore omtala som Hisdal Der uppe. Sume kjelder kallar det likevel Haugen, men det er vrangt å få til at det ligg på ein haug, og Hisdal-ætlingar meiner at Haugen-namnet kom hit med dei som budde her frå 1930 og frametter. Difor held me fast på Der uppe som bruksnamn.

Ved det leitet då Sigurd Knutsson heldt til på bnr 2, budde au Olav Ånundsson i Hisdal. Me vil helst rekne med at han budde på dette bruket, men det er vel også tenkjeleg at han ha vore sambrukar med Sigurd, og halde til i same stoga som han.

Etter tida og namnet ville det høve godt om Olav var son åt Ånund Alvsson på bnr 3 i Mosdøl, står det i Vallesoga (VI, 124). Ettersom Olav vart oppskriven med etternamn Mosdøl då han gifte seg i 1754, og han og kona budde der, og det også er godt rom for at Ånund Mosdøl kan ha fått ein son kring 1724, vil me oppfatte denne løysinga som sannsynleg.   Les mer …

Hagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Hagen i Bykle ligg mellom Haugebakk og Øystre Haugen, rett nedanfor Samyrkelaget.

I utgangspunktet var det plass under Uppistog Byklum, og den fyrste som budde her var Andres Olavsson. Då han gifte seg, vart han oppskriven i kyrkjeboka med etternamn Tveiten, og med det namnet finn me han også i den gamle gards- og ættesoga (144). Men tilknytinga hans til Tveiti var ikkje annleis enn at han hadde vore dreng der ei tid. Foreldra hans, som heitte Olav Tarjeisson Nesland og Ingebjørg Andresdotter, fødd Brotteli, budde på Strandestøyl. Dei er omtala i bolken om den verestaden, og sonen skulle difor ha vorte oppførd med etternamnet Strandestøyl i denne boka. Men ettersom han, etter at han flutte åt Hagen, alltid tykkjest ha vore omtala med etternamn Byklum, skal me gjera det same.   Les mer …

Bykle hotell i 1980-åra. Det kvite bygget på hitsida av vegen er hotellannekset. Ovanfor hotellet ser ein Samyrkelaget, slik det såg ut fyre brannen i 1986. Husa i framgrunnen er Lislestog. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.

Bykle hotell sto på tomta Solhaug i Bykle. Når det gjeld namnet her, fortel både den gamle gards- og ættesoga og folk i Bykle i dag, at hotelltomta heitte Solhaug. Men i matrikkelen les me at hotellet sto på ei tomt som heitte Solbakken (bnr 11). Solhaug var, etter same kjelda, namnet på forretningstomta ved sidan av hotellet (bnr 25). Det er berrsynt at det her på eitt eller anna nivå har gått fyre seg ei forveksling av namna på dei to grannetomtene, men her skal me i alle høve halde fast ved den innarbeidde namnebruken i bygda.

Hotellet låg like ovanfor kyrkja, rett nedanfor der Bykle Samyrkelag ligg i dag. Det var Thina Lund som kaupte denne tomta hjå Gunvor D. Mosdøl på Kultro i 1908, og fekk seg opp hus same året (skøyte vart skrive og tinglyst i 1910). Det Thina i utgangspunktet esla seg til å drive med var landhandel, men så vart altså kråmbua hennes sidan av uti hotell.

Thina var dotter åt lensmann Ole Juelsson Lund i Valle, og kona, Heloise Margrethe Johanne, fødd Sverdrup (jfr. Valle IV, 550). Etter at Thina hadde sett opp hus her, gifte ho seg med Ånund J. Bratteli.   Les mer …

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.   Les mer …

Åsen eller Bakken 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Parsellen Bakken, også kalla Åsen, på vel 4 mål jord i plassgrenda i Byklum er ikkje ein gamal plass. Han høyrde til Torsbu, og vart seld til bureisingsbruk så seint som i 1915, seljaren var Pål Mikkelsson Byklum. Bruket vart 2 år seinare skyldsett til 1 øre og tildela bnr 9 under Mosdøl.

Bureisaren heitte Olav Auversson. Han var son åt Auver Olavsson Gjerden i Myri under Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden. Olav hadde budd i Åsen under Hoslemo frå han gifte seg i 1885. Til å byrje med var han husmann der, men seinast i 1888 fekk han kaupe det bruket, og sat som sjølveigar nokre år.

Nett kor lenge han greidde å halde på Åsen veit me ikkje, men dottera Tone vart konfirmert frå Hoslemo sumaren 1900, og i folketeljinga frå slutten av det året ser me at Olav og huslyden hans då var medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror hans. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Byklum og Gjerden og Nesland, inntil dei flutte hit i 1916.

Etter dei namnereglane me har nytta i denne boka, når det gjeld noko eldre tilhøve, skulle Olav ha vorte oppførd med etternamnet Gjerden. Men ettersom både han sjølv og borna hans skreiv seg Åsen, lyt me nytte det namnet. Også bruket her vert til dagleg omtala som Åsen, etter dei som budde her, medan Bakken berre vart eit matrikkelnamn.   Les mer …

Uppigard 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Uppigard er som namnet tilseier det øvste av gardsbruka i Hoslemo i Bykle. Etter tradisjonen låg det eldste tunet innunder berga noko lenger aust, men avdi det eingong vart utsett for ras, vart det flutt dit det nå ligg.

Me har kome til at dette må vera det opphavlege hovudbølet, og altså den eldste verestaden på garden. Dette byggjer på to tilhøve: For det fyrste hadde, og har, Uppigard langt den høgste landskylda, og for det andre er det vanlege gardrydjingsmønsteret såleis at dei eldste husestadene normalt vart lagde høgast i lendet.

Ein kan finne døme som bryt med dette, såleis t.d. Holen, men dei er unntak. Etter ovannemnde Eivind Hoslemo i tidbolken 1621-30 har me ingen namn på oppsitjarar å vise til i Hoslemo fyrr me kjem fram til 1660-åra. Men seinast i 1666 må Knut Knutsson Byklum ha skaffa seg odels- og eigedomsrett til 5 kalveskinn i garden. Dette veit me avdi Svein Knutsson Hoslemo, som var son åt Knut Knutsson, i 1737 var på bygdetinget, og skaffa seg eit eidsvore vitnemål frå lagrettemennene om at «hans brugende 5 K[alve]- sk[ind] udj Haslemoen stedse hafver verit hans Faders och bemeldte Svens Odel och Eigendomb ofver 60 Aar, och var samme Godtz jmod Odel fra Berdalen bytt udj Haslemoen».

Knut K. Byklum var oppsitjar i Austistog iallfall frå 1678, men som me har fortalt i bolken om det bruket, tykkjest han verta borte derifrå like etter 1710, og me er nokså sikre på at det var han som vart gravlagd under namnet Knut Knutsson Hoslemo i 1721, for me finn ikkje andre med namnet Knut Knutsson som kan vera aktuelle.   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest