Forside:Åmli kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Åmli kommune
0929 Amli komm.png
Åmli kommune ligg i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Aust-Agder), og grensar til Fyresdal og Nissedal i nord, Vegårshei og Tvedestrand i aust, Froland i sør og Bygland i vest. Administrasjonssenteret er tettstaden Åmli. I 1960 vart Gjøvdal kommune innlemma i Åmli, og dei nåverande grensane kom på plass i 1967 då Tovdal kommune vart innlemma.

Åmli er ein skogkommune, med den største mengda avvirka tømmer blant kommunane i tidlegare Aust-Agder fylke. I landbruket er det hovudvekt på husdyrhald, særlig sau. Det er óg mange birøktarar i kommunen. Åmli har store vasskraftressursar.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.

Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.

På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet.   Les mer …

Anne Tone Aanby 2017, ved utgivelsen av Moyboka - Fjære bygdebok.
Foto: Jarl V. Erichsen

Anne Tone Aanby (født Sætra) er historiker og bygdebokforfatter.

Hun skrev Krogen krets og Håbbestad krets av Fjære bygdebok. I 2017 utgav hun Moy krets av Fjære bygdebok. På årsmøtet 26/3 2019 ble Aanby utnevnt til æresmedlem i Fjære historielag. Hun var leder av bygdeboknemnda i Åmli.

Aanby har vært seniorforsker ved Kuben i Arendal. Hun har også vært redaktør i Aust-Agder Arv og medlem av redaksjonskomiteen i Agder Historielags årsskrift.   Les mer …

Dagny Aamland
Foto: Norske skolefolk, 1934.

Dagny Holmgill (født 6. november 1899 i Åmli, død 7. april 1992) var lærerinne.

Hun var datter av bonde Eivind T. Aamland og Aashild f. Svalestuen, Gjøvdal i Åmli kommune. Dagny Aamland tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1920.   Les mer …

Salve Lislevand.
Foto: Hentet fra Våre falne.

Salve Lislevand (født 27. mars 1894 i Åmli kommune, død 22. november 1943) var sjømann (matros) og krigsseiler.  Han var sønn av Thomas Lislevand (1864-1947) og Sigrid f. Seljås (f. 1870) og ble gift i 1927 i Selje med Ragna Haugen. 

Lislevand hadde befalsskole og examen artium. Han reiste til England og seilte i alliert transport som matros, sist på S/S "Slemmestad".   Les mer …

«Aamli Station» ved åpningen.
Foto: Ukjent/Kent Sørensen
Åmli stasjon ble opprettet da Arendal-Åmli-Treungenbanen ble forlenget fra Froland til Åmli i desember 1910. Offisiell åpning var den 17. desember, mens ordinær drift startet dagen etter. Banen ble forlenget videre til Tveitsund (Treungen) i 1913. Banen ble nedlagt i 1967.   Les mer …

Tolv Aamland
Foto: fNorske skolefolk (1952)
Tolv Aamland (fødd 21. januar 1893 i Åmli, død 10. desember 1983) var lærar og ungdomsskolestyrar på Birkeland i Birkenes. Han var med i I.O.G.T. i fleire år og var aktiv i misjonsarbeidet. Aamland, som òg var ihuga målmann, vart i 1945 vart fyrste varamann til Stortinget for Aust-Agder Venstre. Under andre verdskrigen var han fengsla tre gonger.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Åmli kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar