Forside:Årdal kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Årdal kommune
1424 Ardal komm.png
Årdal kommune ligg i Indre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Luster i vest og nord, Vang i aust og Lærdal i sør. Kommunen vart oppretta i 1863 då han vart skilt ut frå Lærdal. Dei noverande grensene er frå 1964, då eit par gardar ved munningen til Årdalsfjorden vart overførte til Lærdal.

Det er tre tettstader i kommunen: administrasjonssenteret Årdalstangen, Øvre Årdal og Seimsdalen. Nitti prosent av innbyggjarane bur i ein av desse tre tettstadene.

Årdal er ein industrikommune, med Norsk Hydro som største foretak. Det mesta av anna industri er knytt opp til Hydros verksemd.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Gamle Utladal skule
Foto: Sigrun Espe
(2017)
Utladal krins var ein skulekrins i Årdal kommune i Sogn. Utladal vart eigen krins i 1904, fekk nytt skulehus i 1924 og vart lagt ned i 1958-1959. Skulehuset står framleis (2017).   Les mer …

Aase Udberg (fødd 1919, død 21. februar 2004 i Årdal) var amatørfotograf og dataingeniør. Ho var gift med Bjørn Udberg (1921–1955), som òg var amatørfotograf. Ho vart tidleg enke, då mannen i 1955 døydde i ei arbeidsulukke på Årdals verk der han var smelteverksmeister. Aase Udberg arbeidde også på smelteverket, der ho var dataingeniør. Etter at mannen døydde reiste ho mykje, og ho hadde ofte lysbildeforedrag om reisene i heimbygda. Det kunne vere artige samankoblingar, som då ho i 1971 stilte på Årdal pleieheim med eit foredrag om både påsken i Roma i 1970 og sommaren i Sogn.   Les mer …

Peder Aarebru
Foto: Norske skolefolk (1952)
Peder (Severin) Aarebru (fødd 28. mars 1905 i Seimsdalen i Årdal, død 10. august 1986) var lærar. Etternamnet er òg skreve Årebru. Han var son av bonde Anders Øren og Jensine Aarebru. Peder Severin Aarebru tok eksamen ved Volda lærarskule i 1926, og tok spesialutdanning i sløyd sumaren 1930.   Les mer …

Torleiv Farnes, ukjent fotograf, hentet fra Anton Aure, Prestar som talar nynorsk, 1924.

Torleiv Farnes (født 12. desember 1866 i Årdal, død 16. september 1933) var prest og aktiv målmann og avholdsmann. I yngre år arbeidet han ved sjømannsmisjonen i Italia, og som sogneprest virket han blant annet i Stryn og i Strandebarm.Farnes var lærer ved Kristiania oppforstringshus 1893-94 og arbeidet ved sjømannsmisjonen i Genova i Italia 1894-98. Han var sekretær for Trondheim yngligeforening og vikar ved katedralskolen i Trondheim 1898-99.

I 1901 ble Torleiv Farnes konstituert som sogneprest i Lavik i Sogn, og i 1903-07 var han stiftskapellan i Kristiania bispedømme. Han var i samme periode hjelpesekretrær i Sjømenns kristelige forening og medarbeider i bladet «Signal».

Han var sogneprest i Stryn 1907-16 og i Strandebarm fra 1916 til han døde i 1933.

Farnes var aktiv i avholdsbevegelsen, og var storkapellan i Norges storlosje av IOGT. Han var også målmann.   Les mer …

Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Årdal kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar