Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle. Foto: Siri Johannessen (2016)
Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758 på Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.
Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes Les mer …
Daniel Aamlid Foto: Norske skolefolk (1952) Daniel Aamlid (fødd 4. mars 1891 i Valle i Setesdal, død 9. oktober 1978) var lærar, underoffiser, postopnar, lokalpolitikar og bonde.
Han var son av Aanund og Tone Aamlid. Daniel Aamlid tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1913, etter å ha teke underoffiserutdanning ved 3. divisjons skule i Kristiansand to år før. Les mer …
Peter Gustav Blom (født 27. mai 1828 i Drammen, død 21. september 1912 i Gjøvik) var teolog og lokalpolitiker. I Valle i Setesdal var han både sokneprest og ordfører. I Vardal ved Gjøvik var han sokneprest fra 1880 til 1910, og mellom 1900 og 1910 var Blom også prost i Toten prosti. Blom var sønn av skipskaptein Jens Ludvig Blom og Martine, f. Holthe. Etter å ha vært elev ved Strømsø borgerskole og Drammens lærde skole ble han i 1840 sendt til oppdragelsesinstituttet i Christiansfeld i Slesvig. Examen artium tok Blom i 1848; han bodde da hos sin onkel, byfogd Blom, på Kongsberg. I 1854 tok han teologisk embetseksamen, trass i at faren da hadde dårlig økonomi. Blom måtte sjøl sørge for å finansiere mesteparten av studiene sine, ved å gi privattimer i språk og musikk. Les mer …
Harald B. Knutsen (fødd i Hallingdal i 1970) er ein norsk folkemusikar og spelemann som er busett i Setesdal. Han har leia Agder Folkemusikkarkiv sidan det blei oppretta i 1999. Det kan seiast å vera eit framhald av arbeidet han tok til med då han som 19-årig lærarvikar byrja leite etter gamle opptak, tradisjonar og historier. Harald B. studerte ved Høgskulen i Telemark si folkemusikkavdeling på Rauland, og enda det studiet i 1992 med ei oppgåve om å spela på kappleik, før han gjekk vidare og studerte kulturfag i Bø. I 1993 fekk han Sagaprisen, og med den Magne Myhren som lærar. I åra 1997-98 arbeidde han som folkemusikkonsulent i Buskerud. Harald B. har og vore i styret for Norsk Folkemusikk og -Danselag i to periodar. Les mer …
Inngangen til Folkemusikkarkivets kontorer Foto: Siri Johannessen
Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på Rysstad i Valle kommune. Arkivet er for Agder fylke og er samlokalisert med Setesdalsmuseet og har i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.
Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for Arendal kulturhus). Les mer …
Inngangen til museets kontorer. Foto: Siri Johannessen
Setesdalsmuseet er ein samanslutning av museum i Setesdal i Agder, i kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Agder Folkemusikkarkiv er samlokalisert med Setesdalsmuseet, som har administrasjonen på Rysstad.
Samlingane omfatta per 31. desember 2007 ikring 30 000 gjenstandar, 6400 mineralprøver og tett på 53 000 foto. Dei fleste av samlingane har fokus på den lokale bondekulturen. I hovudutstillinga i Rysstad finn ein fire permanente utstillingar: ei om kraftproduksjon som er ei viktig inntektskjelde for Setesdalskommunane; «So gjekk me kledde i Råbyggjelaget» som viser drakter og kultur i frå Bykle til Iveland og Vegusdal; diktaren Hans Henrik Holm si diktarstoge som ho var i loftsleilegheita i Karl Johans gate i Oslo; og samlinga til Jon O. Løyland og Gyro Løyland. Dagleg leiar for museet er Anna Stella Karlsdottir. Les mer …
|